Folket verdset nynorsken sin far (original) (raw)
MMI har gjort undersøkinga på oppdrag frå Språkåret 2013. I år er det nemleg 200 år sidan nynorsken sin far vart fødd.
No skal Ivar Aasen og alt anna språk i Noreg verte heidra.
– I Språkåret 2013 skal vi feire at Noreg er eit mangfaldig, raust og inkluderande språksamfunn. Sidan dette skjer i året då det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, er det eit godt utgangspunkt for feiringa at så mange kjenner Aasen, seier Inger Johanne Sæterbakk, prosjektleiar for Språkåret 2013.
Godt inntrykk av Ivar Aasen
Språkåret 2013 har som mål å skape større aksept for den språkdelte norske kulturen.
I undersøkinga som MMI har gjennomført på oppdrag frå Språkåret 2013 og Nynorsk kultursentrum, svarer 56 prosent av dei spurde at dei har eit godt inntrykk av språkforskaren og diktaren Ivar Aasen. Berre 7 prosent svarer at dei har eit dårleg inntrykk av Aasen.
– Eg trur at språkprosjektet til Ivar Aasen har hatt mykje å seie for at det norske samfunnet er så ope for språkleg mangfald, både når det gjeld minoritetsspråk, talemål og nye innvandrarspråk. Dette skal vi vise i løpet av Språkåret 2013, seier Sæterbakk.
Opnar 2. januar
Språkåret 2013 blir offisielt opna av kulturminister Hadja Tajik i Kristiansand 2. januar, og folk over heile landet vil kunne ta del i Språkåret 2013.
– Dette er fyrste gangen at alle språk i Noreg vert feira. Gjennom eit heilt år skal vi feire språk, diskutere språk og lære meir om den unike språksituasjonen her i landet, både nasjonalt og lokalt, fortel Inger Johanne Sæterbakk.
Bakgrunnen for Språkåret 2013 er, i tillegg til at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, at det er 100 år sidan Det Norske Teatret opna. Teateret spelte si første førestelling i Kristiansand 2. januar 1913.
Publisert 02.01.2013, kl. 07.05