Tone Damli – Tone Damli blogg (original) (raw)
God morgen fra sofaen på morgonkvisten. Det har vore lite oppdatering her i det siste, kanskje litt lite oppdatering generelt. Men det er jo noke med denne tiden, det er jo null og niks som skjer. Det er nesten slik at ein ikkje har noke å prate med folk om. Føler at ein kun snakkar om været, den kalde våren og korona. Er så piss lei av å snakke om pandemien, så det skal eg iallfall ikkje skrive meir om akkurat no.
Det eg kan nemne er at eg allerede er ferdig med mammaperm, tenk det. Litt vanskelig å forstå da eg føler at eg fødde forrige veke, men Marlon er allerede blitt 6 månadar. Føler meg så heldig som har desse to små i denne kjipe tiden. Dei held oss så til dei grader i gang, dagane finns ikkje kjedelige her. Han er i den fasen der han VIL, men får det ikkje til. Gutten har definitivt krutt i kroppen, meir enn eg kan hugse at Billie hadde da ho var baby. Ho var ganske bedagelig (det var ganske nice med bedagelig, hehe;)
Sjølv om eg er ferdig i mammapermisjon så er det ikkje slik at eg spretter ut i jobb igjen, for det er jo ingen jobb å komme tilbake til. Riktig nok har eg sosialemedier-biten, men reising og spelejobbar er det ingenting av. Ganske så trist og stusselig, men eg tenker at eg skal bruke litt tid i studio framover, kjenne på det å synge igjen- herregud eg savnar det.
Også har jo denne jenta akkurat hatt bursdag. 33 år! Eit tall eg syns er litt rart å relatere til (er jo pokker megen voksen), men samtidig så stemmer det veldig med der eg er i livet. I bunn og grunn er det berre eit tall på blokka. Eg skal alltid holde på “ung og lovande”, sjølv om den tid kanskje er litt fordi 😉 Men innstillingen er nogenlunde den samma.
Tusen takk for alle koselige bursdagsmeldingar forresten, blir ALDRI for gammal for at den slags er superstas!!
Lillegutt søv i vogna si as I write, så no er det berre til å utnytte tiden maks mens eg har den “aleine”. Ønsker alle ein fin dag, nyt våren og dei lyse dagane.
Annonse
HURRA!! Endelig er strikkekolleksjonen min med Skappel ut og eg er megastolt!!
Eg er veldig glad i heimestrikk. Dette er noke eg har vokst opp med. Mamma strikka mykje til meg og Tale da vi var små og Besta holdt oss alltid med sokkar. No er eg heldig som har fleire strikkekyndige rundt meg, og sjølv er godt på veg til å bli sånn nogenlunde flink. Eg syns iallfall at det er veldig kjekt, og eg kosa meg med det. Eg har óg to tanter, ei svigermor og ei bonussvigermor som med glede stikkar til ungane, meg og Markus. Heldige er vi, og i mine auge er dette dei finaste klea, kle som er gode, varme, fine og ikkje minst at dei går i arv. Det syns eg er ein fint ting. Seinast forrige veke sendte eg med søskenbarnet mitt ein nydelig rosa strikkegenser som tanta mi strikka til Billie, no går den videre i familien. Det syns eg er hyggelig.
Pappa, mamma, Billie, Markus og meg. Familien samla på fotoshoot.
Gensaren og skjørtet Billie har på seg heiter sjølvsagt “Billie” og den eg har på heiter “Tone“.
I august i fjor hadde vi shoot i Sogndal. Pappa og tanta mi driver planteskule der, så eg ville ta bildene ein plass der eg følte eg høyrte heime. Derfor reiste vi ut Slinde der det er masse frukt-tre og ein liten vingård. Det er så ekstremt vakkert der. Sånn postkort-vakkert. Billie var med og Marlon i magen min. Eg må sei at det er ein av dei finaste og mest personlige fotoshootane eg har hatt noken gang. Alle mine nærmaste samla på ein plass som ligger hjertet mitt nært. Bilder og minner eg vil ha for resten av livet.
Eg elskar denne kolleksjonen. Billie syns det er så kjekt å matche med både meg og Marlon, uten at vi er heilt like riktig nok. Alle plagga har sin eigen lille twist. Fargar som går igjen i dei ulike plagga, men med ulikt design. Mange av dei like fine på jente som på gutt.
“Venen“
Kanskje du har lyst å strikke ein av plagga i kolleksjonen? Du finner heile kolleksjonen her. Strikkesetta blir óg solgt i utvalgte garnbutikkar i heile Norge. Oversikt over alle Skappel-forhandlarar finner du her.
Gensaren eg har på meg heiter “Gjertrud“, oppkalla etter mi fine Besta som nyleg gjekk vekk. Billie sin heiter “Summerred“, min favoritt eplesort.
Sjå så fint det er på Slinde. Eit lite paradis.
Vetlegull og meg blant vindruer. Gensaren Billie har på heiter “Aaberge” og min heiter “Ester”, oppkalla etter den eine tanta mi.
Denne nydelige gensaren heiter “Tale“, oppkalla etter søster.
Eit superfint sett til baby som sjølvsagt heiter “Marlon“.
Elska denne som eg har kalla for “Hilde“, oppkalla etter mamma.
Det er tidlig kveld og eg svir i augene. Det har eg gjort i heile dag. Kjennes ut som eg har vore på hardfylla, noke eg på ingen måte har. Kan faktisk ikkje hugse sist eg var på fest. Eller jo, det var Tshawe sin 40- årsdag i januar i fjor. Eg savnar ein fest no, veit mange gjer det altså.
Eg svir i augene fordi eg er heilt most, trøtt, kaputt, ferdig… Eg låg ein time i går uten å klare og sove, sikkert fordi eg venta på at Marlonskulle vakne. 01:15 sovna eg omsider etter å ha mata han. 01:30 kom Billie inn, borga av sofaputer ho hadde bygd i senga si hadde rast sammen, og eg måtte hjelpe ho. 03:30, ny matrunde med Marlon. I desse stundene savnar eg å amme, berre slenge ut puppen og la det stå til. Eg må jo ut på kjøkkenet å lage til flaske, riktig nok har eg gjort verdens beste investering; melkemaskin- så flaska er laga på null komma svisj. Han sovna ganske kjapt igjen, men 04:30 bestemte han at det var morgon, så da var det berre å slenge på seg slåbroken og vandre inn i stova som ein zombie. Flaks at han er så søt, for eg smelta jo heilt. Dagen var da i gang og eg holdt det gåande heilt sidan. I tillegg har eg hatt to møter i dag, noke som ikkje er optimalt på slike trøtte dagar.
Marlon har lagt seg no. Billie skal snart i seng, og eg skal knekke meg ein vel fortjent øl før eg sjølv hoppar til køys. Eg burde sikkert lagt meg i takt med Billie i kveld, men så er det noke med denne voksentiden (hata det orden da eg var liten). Vi MÅ ha litt tid aleine, berre oss to- det er så viktig i denne tiden. Alltid viktig for så vidt, men litt ekstra viktig akkurat no.
Og med det loggar eg av. Hei igjen bloggen, forresten. Det var eit kvarter sidan sist. Det blir som det blir no for tiden. Marlon er sjefen pr dags dato. Og eg veit. Bildene henger ikkje sammen med denne teksten, men eg orka ikkje noken selfie i sofaen akkurat no, derfor blir det heller bilder fra ein solfylt dag der eg hadde masse energi;)
Annonse
Når eg er heime hos mamma og pappa elskar eg å ta fram fotoalbuma fra da eg var liten. Det er så kjekt å sjå tilbake på oppveksten, gode ferieminner, sjå korleis vi alle såg ut som ein yngre utgave av oss sjølv. Eg blir aldri lei av det. Ein lever jo mykje på gode minner.
Det er ein liten jobb å sette seg ned å lage album, men når ein først er i gang er det utrulig moro og tilfredsstillande. Eg får ein slags indre ro og orden av å gjere det, og god samvittighet fordi eg veit at eg gjer noke som er hyggelig ikkje berre for meg, men for resten av familien.
Eg brukar å samle året i ei fotobok. Året som handlar om oss som familie med venner og kjente. Feriar, kvardag og store begivenheitar. I år har det vore fleire store ting; vetlebror som kom til verden, Billie som begynte i 1.klasse, ho mista mange tenner, vi var på flotte fjellturar og vi bygde hus. Så masse fint til tross for eit ellers litt trasig korona-år. Kvardagen går så fort forbi, derfor er det ekstra kjekt og viktig å få samla dette på ein plass.
Kvart einaste år sidan Billie blei fødd har eg laga fotobok til alle besteforeldre. Eg er rimelig sikker på at dette er ein av dei finaste gavene dei får på julekvelden. Ein fin måte for dei til å følge med på oppveksten til barnebarna og alt vi måtte drive med i ein travel kvardag.
Med rabattkoden TONEJUL40 får du no 40% rabatt på julegaver som fotobok, kalender og julekort hos fotoknudsen.no. Kampanjen varer fra 12.november- 25.november.
Rabattkode: TONEJUL40
Her kan du lage gaver som treff rett i hjertet! Og ikkje minst er det ekstra fint i år å bestille julegavene på nett.
No sprekker eg snart av både stor mage og nysgjerrighet. Eg lurer så innmari på kem som er inni magen min. Korleis ser han ut, korleis er han? Eg gleder meg slik til å treffe han og holde han og snuse på han. Lille gutten min som eg på ein måte kjenner så godt, samtidig ikkje i det heile tatt.
Alt er klart her heime. Senga er nyoppredd med print av små koalabjørnar, stellebordet er fyllt med mini-bleier, klutar og halve apoteket. Vippestolen står klar i stova og pysjane ligger pent bretta i kommoden. Eg er litt hønemor, men det gir meg ein så stor glede å forberede dette, det gjer óg at eg skjønnar enda meir at dette faktisk snart skal skje. Her er eg nyfødd på Lærdal Sjukehus. I armane til mamma <3
Are, Tale og meg. Eg er så glad for å ha søsken. No er eg lykkelig for å endelig kunne gi det til Billie.
Det er kun 17 månader mellom Tale og meg. Imponerande tett etter min meining. Mellom veslebror og Billie blir det 6,5 år. Det blir nok perfekt på sitt vis det óg.
Mamma, Tale og meg.
Dagane blir litt lange no. Sjølv om eg ikkje har uttalt når terminen er, så treng ein vel ikkje å vere rakettforskar for og skjønne at den er rett rundt svingen. Eg føler meg moden og poppeklar.
Billie er ganske så lik på Markus, kanskje vetlebror blir lik meg? Eg håpar han får litt av oss begge.
Kom snart no, vetle M.
Samtidig som at dagane går sakte og eg har bøttevis med tid, så får eg gjort fryktelig lite. Kroppen bevega seg som ei skilpadde, den begrensa meg virkelig for tiden. Ei eldre dame skreiv til meg på instagram her om dagen: “Ser ikke så jævlig ut, du har ikke så stor mage, du må slutte å være så pysat”.
Dette var respons på ein filmsnutt eg la ut på story da eg skulle sette meg inn i bilen, noke som er både er vanskelig og smertefullt i desse dagar. Eg kjente at eg blei så steikandes forbanna inni meg. Til vanlig ville eg berre oversett ein slik kommentar, men akkurat no, med følelsane på utsida og ein god del ubehag i kroppen, så kjente eg at det ikkje var plass til ein slik melding. Først og fremst lurer eg på ke det er som får ei eldre dame (tilsynelatande bestemor da ho har bilde av barn på profilen sin) til å slenge ut slike setningar til ei høggravid jente i starten av 30-åra. Og kem er ho til å avgjere korleis smerter eg måtte ha eller om eg er pysete?
Eg svarte ho, og så blokkerte eg ho. Så opna eg opp igjen blokkeringen etter å ha fått summa meg litt. Eg bestemte meg for å ikkje vere ho barnslige.
Egentlig skriv eg dette som ein liten reminder til aller der ute, vær snille med kvarandre, på internett óg. Hugs at det er ekte mennesker med følelsar bak alle bildene som florerar der ute. Stygge kommentarar kan gjere større skade enn ein egentlig kan forestille seg. Be nice to people. Og med det sagt, eg leser alle kommentarar, og heldigvis er dei aller fleste superhyggelige og støttande. Det setter eg så stor pris på!
God helg.
Klem fra meg.