ereksjon – Lille norske leksikon (original) (raw)

Seks tegninger viser en penis gå fra slapp til erigert tilstand. Først henger penis slapt ned, og etter hvert blir den tykkere og lengre. Forhuden trekkes gradvis tilbake. I det siste bildet er penis stiv og peker diagonalt oppover.

Ved ereksjon svulmar penis opp, og blir gradvis stivare

Ereksjon er når penis eller klitoris svulmar opp og blir stiv. Det skjer når personen blir kåt, men kan òg skje utan nokon spesiell grunn. Ereksjonen går over av seg sjølv etter ei stund, eller etter ein orgasme.

Ereksjonen skjer, fordi organet blir fylt av blod og musklane trekkjer seg saman. Både kvinner og menn har ofte ereksjonar, både om dagen og om natta. Dette skjer heilt frå folk er små og heile livet. Det er vanleg å ha ereksjon 5–6 gonger kvar natt og når ein vaknar.

Penis

Penis heng vanlegvis slapt ned. Ein stiv penis kan også kallast ein erigert penis. Ein stiv penis kan peike oppover, nedover, rett fram eller til sida. Nokre stive penisar er rette, andre får ein bøy, når dei er stive. Dette er ulikt frå person til person.

Ereksjon kan bety at ein gut eller mann er kåt, men ikkje alltid. Ein kan få ereksjon utan å ha lyst til å ha sex. Det hender også at penisen ikkje blir stiv, sjølv når ein har lyst på sex. Samtidig må penis bli stiv for at ein skal kunne ha samleie eller onanere.

Klitoris

Klitoris blir erigert på ein liknande måte som penis. Penis sprutar ut sæd ved orgasme, det gjer ikkje klitoris.

Sidan det meste av klitoris ligg inni kroppen, kan ein ikkje sjå det så godt, når han er erigert.

Les meir i Vesle norske leksikon