hjernen – Lille norske leksikon (original) (raw)
Figuren syner sentralnervesystemet (hjernen og ryggmergen), sett framanfrå. Skjelettet er teikna inn litt gjennomsiktig. Hjernen er inni hovudskallen. Ryggmergen er òg verna av knoklar, men stoppar før slutten av ryggsøyla.
Den øvste figuren syner innsida av ein hjerne delt på langs. Hjernen er sett saman av storhjernen, mellomhjernen, veslehjernen og hjernestammen.
Den nedste figuren syner utsida av hjernen, sett frå sida. Storhjernen kan ein dele inn i pannelappen, isselappen, tinninglappen og bakhovudlappen.
Hjernen er eit organ i kroppen, som ligg inni hovudskallen. Hjernen styrer alt som skjer i kroppen og gjer at ein kan tenkje. Han styrer kva menneska bestemmer seg for å gjere, som å snakke, gå eller ete. Hjernen styrer òg dei tinga som skjer i kroppen, anten ein vil eller ikkje, og at ein pustar.
Hjernen og ryggmergen blir saman kalla sentralnervesystemet.
Skildring
Hjernen er sett saman av 100 milliardar nerveceller. Hjå eit vakse menneske veg hjernen opp mot 1,5 kilo. Han er gråkvit i fargen og kjennest som gelé. Rundt hjernen ligg det fleire lag med hinner.
Hjernen består av
- storhjernen
- mellomhjernen
- veslehjernen
- hjernestammen
Storhjernen tek opp det meste av plassen i hovudskallen. Storhjernen er delt inn i to halvdelar. Desse er igjen delte i fire delar som blir kalla lappar:
- pannelappen
- isselappen
- tinninglappen
- bakhovudlappen
Hjernen tek imot beskjedar frå sansane
Sansene samlar informasjon frå verda rundt seg. Alle har fem sansar:
- syn
- høyrsel
- lukt
- smak
- følesans
Sansene er kopla til nervar. Etter at ein sans har fått informasjon, blir informasjonen send vidare til hjernen, gjennom nervane. Så vil hjernen tolke informasjonen og velje kva han vil gjere. Til dømes kan ein sjå eller høyre at ein bil er på veg. Hjernen vil vurdere kor langt unna bilen er, og gi beskjed til kroppen om at han må flytte på seg.
Hjernen styrer kroppen
Hjernen og ryggmergen blir kalla sentralnervesystemet. Resten blir kalla det perifere nervesystemet. Nervane er kopla til ryggmergen gjennom nerverøtene. Hjernen og ryggmergen styrar kroppen. Nervane sørgjer for at meldinger frå kroppen blir send til hjernen (til dømes at ein ser målet på fotballbana) og at meldingar blir sende frå hjernen ut til kroppen (til dømes at ein sparkar fotballen mot målet).
På teikninga ser ein dei største nervane til kroppen.
Hjernen styrer kroppen ved å sende meldingar gjennom nervar og hormon.
Nervar finst i heile kroppen. Hjernen sender beskjed til musklane om at dei skal bevege seg eller slappe av. Dette gjeld til dømes musklane ein har i armar og bein. Hjernen styrer òg musklar som ein ikkje kan kontrollere med viljen. Dette gjeld til dømes hjartet.
Hjernen styrer mange viktige funksjonar. Eksempel på dette er det å puste og å sove.
Hjernen styrer språk og tankar
Hjernen vurderer og samanliknar informasjonen han får frå alle sansane. Det er nødvendig for å kunne tenkje, planleggje, hugse og snakke. Når hjernen driv med dette, skjer det mykje på ein gong. Det blir sendt signal mellom mange delar av hjernen samtidig. Mennesket har ei større evne til dette enn andre dyr.
Sjukdommar i hjernen
Det er fleire sjukdommar som kan ramme hjernen. Nokre av dei vanlegaste er hjerneslag, demens og epilepsi.
Les meir i Vesle norske leksikon
Faktasjekk av
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo