hummar – Lille norske leksikon (original) (raw)
Menneske kokar og et hummar. Før han blir kokt må han avlivast. Når hummaren er kokt, skiftar skalet farge til raud.
Hummar er eit stort krepsdyr som lever i havet. Han har lang kropp og to kraftige klør. Hummar er populært å fange og ete. Bestanden i Noreg er trua. Difor er hummar verna det meste av året.
Hummar er ein type skaldyr.
Beskriving
Hummaren har ein lang kropp med eit hardt skal på ryggen. Heilt bak har hummaren ein hale som kan likne ei vifte.
Hummaren har ti bein. Dei to fremste beina har kraftige klør som hummaren kan klype med. Klørne er ulike. Den største er avrunda, og kallast knuseklo. Ho blir brukt til å knuse mat, eller forsvare seg med. Den andre kallast sakseklo. Ho er taggete som ei sag, og blir brukt til å dele opp maten med.
Skalet til hummaren har mørk, grønsvart farge med blåaktige piggar. Når ein koker hummaren, endrar fargen seg til raud.
Levevis
Hoa gøymer egga under halen i nesten eitt år før dei blir klekte. Dei små, runde og svarte kulane er egg.
Hummar lever på havbotnen. Vanlegvis finn ein hummar der det er mellom 5 og 40 meter djupt. I Noreg kan ein finne hummar langs kysten frå Austlandet og heilt til Nordland. Ingen andre stader i verda lever hummaren så langt nord.
Humrar liker å vere i område med mange skjulestader. Dei lever ofte på steinbotn. Her kan dei gøyme seg mellom tare, kløfter og stein. Om dagen ligg han i skjul, og om natta jaktar hummaren på mat.
Hummaren et andre krepsdyr, sniglar, mark og skjel. Hummaren et også døde dyr som han finn på botnen.
Europeisk hummar kan bli 50 centimeter lang. Amerikansk hummar kan bli ein meter lang og vege 20 kilo. Humrar kan bli svært gamal samanlikna med andre krepsdyr. Forskarar har funne hummar som er rundt 50 år.
Formeiring
Hannen legg ein klistrete klump med sædceller under halen til hoa. Når egga kjem ut, blir dei befrukta. Hoa har egga under halen i om lag eit år. Når egga klekkjer, kjem det ut larvar som ikkje liknar på ein hummar. Larvane flyt i havet.
Den første tida skifter larvane skal fleire gongar. Kvar gong dei skifter skal, liknar dei meir ein vaksen hummar. Når dei har skifta skal fem gongar, ser dyret ut som ein liten hummar og byrjar livet på havbotnen.
Fangst
Hummar er svært populært som mat. Mange ønskjer difor å fange hummar. For å verne hummaren, er det reglar for kor mykje hummar det er lov å fange. Det er også reglar for kva tid det er lov å fange hummar og kor stor hummaren skal vere. Det er for eksempel ikkje lov å fange ein hummar som er mindre enn 25 centimeter lang.
Hummar blir fanga med feller som blir brukte til å fange ulike typar dyr i havet. Fellene heiter teiner. Hummaren blir lokka inn i teinene med fisk, men kjem seg ikkje ut att.
Hummaren må kokast før han blir ete. Hummar skal ikkje kokast levande, han må avlivast først. Avlivinga gjerast best ved å kløyve hovudet med ein skarp kniv mellom auga.