lagune – ordforklaring – Lille norske leksikon (original) (raw)
Det er laguner i store delar av verda. Dette er Nordlaguna på den norske øya Jan Mayen i Atlanterhavet.
Nordlaguna på Jan Mayen
Av Rolf Stange.
Lisens:Avgrensa gjenbruk
Lagune er ein sjø ved havet, eller ei bukt i havet, som er nesten heilt skild frå resten av havet rundt. Laguner er som oftast veldig grunne.
Rundt tropiske øyar kan korallrev lage laguner. Desse blir kalla atollar.
Laguner er vanlege i store delar av verda. I Noreg er det flest på vestkysten av Spitsbergen, på Svalbard.