skilsmisse – Lille norske leksikon (original) (raw)

Skilsmisse er det å avslutte eit ekteskap. Det å få skilsmisse heiter å bli skild eller å skilje seg.

Dersom ein ikkje vil vere gift lenger, melder ein frå til det offentlege. Det tek mellom eitt og to år å få skilsmisse. Dei som er gifte treng ikkje å vere samde om å skilje seg, det held at éin person vil det.

Dette skjer i ei skilsmisse

Før ein blir skild, er ein separert i eitt år. Ein kan ikkje bu saman, når ein er separert. For å bli separert, må ein seie frå til det offentlege om at ein vil ha separasjon. Det held at éin person seier frå. Når ein har vore separert i eit år, kan ein skilje seg. Då må ein òg melde frå til det offentlege. Det held at éin av personane gjer det.

Dersom den eine personen har brukt vald mot den andre, kan ein få skilsmisse med éin gong, utan at ein treng separasjon først.

Dersom to gifte personar har budd frå kvarandre i minst to år, og er samde om at dei ikkje skal vere gifte lengre, kan dei skilje seg utan å ha søkt om separasjon først.

Skilsmisse og økonomi

Folk som er gifte eig ofte mange ting saman, for eksempel hus eller leilegheit, bil, møblar og pengar. Når nokon skil seg, skal dei dele desse tinga mellom seg.

For eksempel kan dei selje leilegheita si og dele pengane likt. Ei anna moglegheit er at den eine personen beheld leilegheita og betaler prisen for halve leilegheita til den andre.

Når foreldre skil seg

Når to som har barn saman, vil ha skilsmisse, må dei først snakke med ein person om kvar barna skal bu og korleis foreldra skal samarbeide om å ta vare på barna. Denne typen samtale heiter mekling. Dette gjeld om barna er under 16 år.

Dersom foreldra ikkje blir samde om ein avtale for kvar barna skal bu, kan det bli ei rettssak for å bestemme det. Det er ganske sjeldan dette skjer.

Det vanlege er at barna byter på å bu hos foreldra etter skilsmissa. Barn som er over 12 år skal ifølge norske lover få vere med på å avgjere kvar dei vil bu.

Les meir i Vesle norske leksikon