spansk – Lille norske leksikon (original) (raw)
Land der spansk er offisielt språk er markerte med raudt. Land der spansk er offisielt språk, saman med eit anna språk, er markerte med gult.
Spansk er eit språk. Rundt 480 millionar menneske har spansk som morsmål rundt om i verda. Språket blir òg kalla kastiljansk, som er namnet på den spanske dialekten standard spansk er basert på.
Spansk er eitt av seks offisielle språk i FN.
Utbreiing
Døme på spansk språk. Omsett står det: Eg heiter Sofia. Eg bur i Spania. Eg snakkar spansk.
Spansk er det einaste offisielle språket i Spania, i tillegg til
- Mexico
- Guatemala
- El Salvador
- Honduras
- Nicaragua
- Costa Rica
- Panama
- Colombia
- Venezuela
- Ecuador
- Peru
- Bolivia
- Paraguay
- Uruguay
- Chile
- Argentina
- Cuba
- Den dominikanske republikken
Dei fleste av desse landa var spanske koloniar. Då flytte det mange frå Spania til desse landa, og dei som budde der, måtte lære seg spansk.
I Puerto Rico og Ekvatorial-Guinea er spansk offisielt språk, ved sidan av andre språk.
Det finst òg store grupper som snakkar spansk utanfor desse landa, særleg i Filippinane og USA. I USA er spansk det nest største språket, etter engelsk.
Særdrag
Det spanske alfabetet har 27 bokstavar.
Spansk grammatikk liknar mykje på fransk, portugisisk og italiensk.
Substantiva har han- eller hokjønn.
Dialekt
Harry Potter og de vises stein på spansk.
Standard spansk er basert på ein dialekt som kallast kastiljansk. Denne dialekten kjem frå eit område i Spania som heiter Castilla. I Spania blir det òg brukt fleire andre språk, til dømes katalansk, galisisk og baskisk.
Det er små skilnader mellom spansk i Europa og spansk i Amerika. Skilnadene kan til dømes vere ulike lydar og ulike typar ord for same ting.
Historie
Spansk stammar frå latin. Spansk har fått lånord frå tysk og arabisk. Under kolonitida fekk spansk nokre ord frå språka til urfolka i Sør-Amerika.
Spansk er i same språkfamilie som portugisisk og fransk.
Les meir i Vesle norske leksikon
Faktasjekk av
Førsteamanuensis i russisk språkvitenskap, University of Oxford