troll – Lille norske leksikon (original) (raw)
'Hau, hau, det skulle troll være blindebukk lenger!' skrek trollet er teksten som høyrer til denne teikninga. Teikninga er laga av kunstnaren Theodor Kittelsen. Han teikna mange troll og andre vesen frå eventyr.
Troll er overnaturlege vesen. Overnaturleg betyr at det ikkje er bevis for at dei finst. Mange historier om troll kjem frå gamal folketru, og det er troll med i mange norske eventyr.
Beskriving
Troll i eventyra er ofte store. Når dei går i skogen, kan bakken riste. Somme er så store og gamle at det veks gras, mose og tre på hovuda deira. Dei fleste troll har berre eitt hovud, men somme har fleire.
Det er ikkje lett å vite om troll er menn eller kvinner. I nokre eventyr er det trollkjerringar, kvinnelege troll. Dei sju søstrer er eit slikt eventyr.
Oskeladden er helten i mange kjende eventyr. Han klarer å lure trolla, fordi han er smart. Men det er òg fordi trolla er dumme. Troll blir skildra som sterke. Dei kan løfte og kaste veldig tunge ting. Eventyr med troll handlar ofte om at dei kranglar med menneske. Troll og menneske kan for eksempel vere ueinige om kven som eig skogen.
I nokre eventyr vil trollet ete menneske. I fantasy-boka Hobbiten av J.R.R. Tolkien, har troll tenkt å ete hovudpersonen Bilbo. Han kjem seg unna, fordi dei kranglar så lenge om korleis dei skal ete han, at sola går opp. Om sola skin på troll, blir dei til stein. Nokre trur at eventyra med troll blei laga, for å forklare kvifor det er så mange fjell her i landet.
Der trolla bur
Dei fleste troll bur for seg sjølve. Om dei treffer kvarandre, blir det ofte berre krangling.
Troll bur i skogen, eller inne i fjellet. Nokre har ei hemmeleg, stor dør i fjellet, som berre trollet kan opne. Inne i fjellet har trollet ofte samla skattar og gull.
I eventyret Oskeladden som kappåt med trollet blir Oskeladden med trollet heim, inn i fjellet. Der lurer han trollet til å drepe seg sjølv. Etterpå tek han med seg mange av skattane og gullet som er der inne.
Troll i dag
Trollet i Hunderfossen Eventyrpark er populært hjå turistar og andre som kjem til parken. Det er òg med i filmen Troll frå 2022.
Det er laga fleire populære filmar om troll. Eitt eksempel er den norske Netflix-filmen Troll frå 2022. I filmen blir eit troll, som har sove inne i eit fjell i mange år, vekt av menneske som skal bygge ein tunnel. Trollet er stort og sterkt, men ikkje eigentleg så slemt.
Figurar av troll er populært blant turistar i Noreg. Mange butikker sel små troll dei kan kjøpe og ta med heim. Stader som får besøk av mange turistar, har ofte store figurar av troll nær inngangen.
Troll på nett
I dag bruker ein gjerne ordet troll om folk som skriv stygge kommentarar om andre på internett, utan å bruke sitt eige namn. Ein seier også at det finst troll-fabrikkar. Det er stader der folk har som jobb å lage feil informasjon og spreie han på internett.
Les meir i Vesle norske leksikon
Faktasjekk av
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen