Lov om tilskott til livssynssamfunn (original) (raw)

Jf. lov 13 juni 1969 nr. 25.
Oppheva med lov 24 april 2020 nr. 31 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 24 april 2020 nr. 855).

§ 1.

Livssynssamfunn som ikkje krenkjer rett og sømd, kan krevje årleg tilskot frå rikskassen.

Tilskota skal nyttast til føremål som går inn under verksemda som livssynssamfunn.

§ 2.

Tilskotet skal vere så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja​1 og skal reknast ut etter kor mange som høyrer til samfunnet.​2

Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

0 Endra med lover 18 des 2015 nr. 128 (ikr. 1 jan 2016), 20 des 2016 nr. 124 (ikr. 1 jan 2017).
1 Jf. lov 7 juni 1996 nr. 31.
2 Jf. lov 13 juni 1969 nr. 25 § 19 og § 19 a.

§ 3.

Alle livssynssamfunn som får rikstilskot, kan kvart år krevje tilsvarande tilskot frå kommunar der det bur nokon som høyrer til livssynssamfunnet. Dette tilskotet vert rekna ut med grunnlag i dei budsjetterte utlegga kommunen har til Den norske kyrkja.​1

Kommunal avgjerd om tilskot kan livssynssamfunnet klaga over til departementet.

1 Jf. lov 7 juni 1996 nr. 31 § 15.

§ 4.

Offentlege utlegg som gjeld alle, skal ikkje takast med når tilskotet vert utrekna etter §§ 2 og 3.

Departementet kan gje nærare føresegner om utrekning og oppgjer.

For mottekne tilskot skal det sendast inn rekneskap.

§ 5.

Tilskot kan berre krevjast for medlemmer som er norske riksborgarar​1 eller som har bustad i riket, og som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja,​2 eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.

Departementet kan gje føresegner om kor mange medlemmer eit samfunn må ha for å få tilskot, om føring av lister over medlemskap, og om attest frå advokat/revisor.

Departementet kan gjeva føresegner​3 om plikt til å opplysa om fødselsnummer​4 for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer​5 for livssynssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter første ledd. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Folkeregisteret,​6 andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja​7 så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.

Statistikkloven § 10 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i tredje leddet.

0 Endra med lover 19 mars 2004 nr. 14 (ikr. 19 mars 2004 iflg. res. 19 mars 2004 nr. 545), 9 des 2016 nr. 88 (ikr. 1 okt 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 718), 21 juni 2019 nr. 32 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2698).
1 Jf. lov 10 juni 2005 nr. 51.
2 Jf. lov 7 juni 1996 nr. 31 § 3.
3 Jf. lov 13 juni 1969 nr. 25 § 19 b.
4 Jf. lov 9 des 2016 nr. 88 § 2-2.
5 Jf. lov 3 juni 1994 nr. 15 § 5.
6 Jf. lov 9 des 2016 nr. 88.
7 Jf. lov 7 juni 1996 nr. 31 § 3 nr. 10.

§ 6.

Kongen​1 avgjer om eit samfunn fyller vilkåra for tilskot.

1 Kulturdepartementet iflg. res. 19 des 1997 nr. 1316.

§ 7.

Lova tar til å gjelde frå den tid Kongen fastset.​1

1 Frå 14 mai 1982 med verknad frå og med kalenderåret 1982 iflg. res. 14 mai 1982 nr. 794.
1 Frå 14 mai 1982 med verknad frå og med kalenderåret 1982 iflg. res. 14 mai 1982 nr. 794.

§ 8.

Frå den tid lova tek til å gjelde, vert gjort slik brigde i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna: – – –.