Torfinn Skard – Norsk biografisk leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Torfinn Skard

Fødd

20. januar 1891, Fåberg (no Lillehammer), Oppland

Død

11. juni 1970, Skien, Telemark

Verke

Hagebrukslærar, -historikar og bibliotekar

Familie

Foreldre: Folkehøgskulestyrar, seinare skuledirektør Matias Skard (1846–1927) og Nilsine Kristiane Myhre (1860–91). Gift 30.12.1922 i Solum med Aagot Sofie Lien (25.8.1898–1973), dotter til gardbrukar Hans Karl Halvorsen Lien (f. 1873) og hustru Ingeborg Amalie (f. 1877). Brorson til Johannes Skar (1837–1914); halvbror til Olav Skard (1881–1965), Bjarne Skard (1896–1961), Eiliv Skard (1898–1978) og Sigmund Skard (1903–95); svoger til Åse Gruda Skard (1905–85).

Torfinn Skard var lærar i hagebruk ved landbruks- og husmorskulen i Telemark i nær 40 år. Han bygde opp eit stort bibliotek ved landbruksskulen og var bibliotekinspektør i Telemark i meir enn 20 år.

Mor til Torfinn døydde i barselseng da han vart fødd, og guten voks opp i Levanger og Kristiansand, der faren var skuledirektør frå 1901. Torfinn gikk i spora etter den eldre halvbroren Olav og var 1907–11 lærling i hagebruk i Sande, på Reistad i Lier og på Sem landbruksskole i Asker. Han var sumarlærar ved Reistad hagebruksskole for kvinner 1913, 1916 og 1917, deretter arbeidde han i handelsgartneri i Danmark. Allsidig teoretisk utdanning fekk han i desse åra ved å gå Jæren folkehøgskole hausten 1909 og vinteren 1913–14 og Askov folkehøiskole i Danmark 1916–17. I åra 1917–19 studerte han hagebruk ved Norges Landbrukshøgskole.

1919 vart han tilsett som hagebrukslærar ved Telemark landbruks- og husmorskole på Søve. Der var han til nådd aldersgrense 1958. 1937 gav han ut Dyrking av grønnsaker, frukt og bær, ei lærebok for landbruksskolane.

Skard var svært interessert i hagebrukshistorie. Han skreiv avhandlingar om mange norske hageanlegg, m.a. Ulefoss, Holden, Borgestad, Bogstad, Jarlsberg og Bygdøy kongsgård. Han samla mykje materiale om prestegardshagane i Noreg og skreiv om desse emna i fagtidsskrift. Han samla òg mykje stoff om gartneri og gartnarar i Noreg og bygde opp eit stort kartotek. Materialet er no i Skards samlinger ved NLH. Storverket er Hagebruk og gartneri i Norge (1963), som han arbeidde med på full tid frå 1955.

Torfinn Skard var òg bibliotekar. Han var sjef for Telemark landbruksbibliotek 1936–58. Boksamlinga var på nesten 30 000 bind då han trekte seg tilbake 1958. Skard vart bibliotekinspektør i fylket 1936 og la ned eit stort arbeid for skule- og folkebiblioteka i Telemark. Han hadde sjølv ei stor samling av hagebrukslitteratur, som no er i biblioteket ved NLH. På 70-årsdagen 1961 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Verker

Eit utval

Etterlatne papir

Kilder og litteratur