Provinsen Verona (original) (raw)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verona | |
---|---|
provins | |
![]() |
|
![]() |
|
Land | ![]() |
Region | Veneto |
Hovudstad | Verona |
Areal | 3 109 km² |
Folketal | 860 796 (2004) |
Postnummer | 37010-37069 |
Retningsnummer | 04, 045, 0442 |
Bilnummer | VR |
![]() |
|
![]() |
|
Wikimedia Commons: Province of Verona |
Provinsen Verona (italiensk Provincia di Verona) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Verona. Han har eit areal på 3 109 km² og totalt 860 796 innbyggjarar (2004).
Kart over provinsen Verona
Provinsen grensar mot provinsen Trento i nord, Vicenza og Padova i aust, Rovigo i sør og Mantova og Brescia i sør og vest.
Det er 98 kommunar i provinsen.Dei viktigaste kommunane er mellom anna Bovolone, Bonavigo, Bussolengo, Cerea, Legnago, Negrar, Peschiera del Garda, San Bonifacio, San Giovanni Lupatoto, San Martino Buon Albergo, Soave, Sona og Villafranca di Verona.[1]
Byen Verona er ein verdsarvstad.[2] Byen er mellom anna kjend frå Romeo and Juliet av Shakespeare, med Casa di Giulietta (huset til Juliet med ein balkong som er viktig i stykket) er eit viktig turistmål.[2] Gardasjøen er også eit kjent turistmål i provinsen. Provinsen har elles fleire slott, tårn, kloster og andre gamle bygningar. Valpolicella er kjend for vinane sine. Den største naturlege brua i Europa, Ponte di Veja, ligg også i Verona. Norddelen av provinsen er åslendt med fleire elvar, mellom anna Tartaro, Caslagnaro og Adige.[3]
Per 31. desember 2008)
Kommune | Folketal |
---|---|
Verona | 265 368 |
Villafranca di Verona | 32 408 |
Legnago | 25 488 |
San Giovanni Lupatoto | 23 485 |
San Bonifacio | 19 943 |
Bussolengo | 19 439 |
Negrar | 17 128 |
Sona | 16 856 |
Cerea | 16 201 |
Pescantina | 15 859 |
Bovolone | 15 538 |
- ↑ «Banca Dati Provincia Verona» (på italiensk). Unione delle Province d‘Italia. Arkivert frå originalen 28 April 2014. Henta 18 September 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «Verona, Veneto». Italia. Arkivert frå originalen 9. oktober 2014. Henta 18. september 2014.
- ↑ The Penny Cyclopaedia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge. 1843. s. 268.
Denne artikkelen bygger på «Province of Verona» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007 og 18. november 2021.