Spytt (original) (raw)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spytt eller saliva er ei fordøyingsvæske som blir produsert i spyttkjertlane, som sit i samband med munnhòla. Hjå menneske produserer kjertlane normalt ca. 1-2 liter spytt i døgnet.
Når ein et blir spyttet blanda med mat gjennom tygging og tungerørsler, slik at maten kan fordelast i passe store klumpar (bolus) og sveltgjas ned i svelget og matrøyret.
Spytt inneheld eit slimliknande stoff kalla mucin, eit såkalla glukoprotein som verker smørande, og dessutan enzymet amylase, som spaltar polysakkaridet stive til enklare karbohydrat (disakkarid og monosakkarid).
- Denne artikkelen bygger på «Spytt» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2026.