Eld (original) (raw)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bålet er den opphavlege måten menneske nytta eld på

Jonsokbål

Eld, av germansk *ailda, er eit resultat av at energi vert frigjort som lys og varme når eit materiale reagerer med oksygen.

Eld er ein hastig, sjølvforsterkande oksidasjonsprosess, der brensel frigjer brennbare gassar. Prosessen kan komme i gang ved at brenselet vert varma opp av ei energikjelde, t.d. eit lyn eller ein gneist, og han vert sidan halden vedlike av sin eigen frigjering av energi så lenge tilgangen på brensel og oksygen er tilstrekkeleg til å halde temperaturen oppe.

Menneskeleg bruk av eld er påvist minst 300 000 år attende. Kjennskapen til og kontrollen med elden var eit av dei grunnleggjande framskritta for menneskja. Derfor er det òg nærliggande at elden (likt med sola) har vore tilbeden som gudar i naturreligionane.

Før folk tok i bruk lighter eller fyrstikker, gjorde dei opp eld

Flammen er ei blanding av termisk stråling frå sot, gass og brenselspartiklar og fotonstråling utsend ved gassreaksjonar. Stålinga vert send ut både som synleg og infraraud stråling. Fargen avhenger av temperaturen i partiklane og strålingsspekteret til materialet som brenn: Dersom brenselet inneheld natrium vert flammen gul, inneheld det kopar vert flammen grøn, og inneheld det kobolt vert han blå.