Hovudside (original) (raw)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fire ulike tibetanske skriftstilar. Teksten tyder «Fri Tibet».

Tibetansk skrift er ein abugida som høyrer til dei nordindiske skriftsystema. Den tibetanske skrifta blir brukt i Tibet og i Bhutan. Det er denne skrifta dei heilage tekstane til dei tibetanske munkane er skrive i. Som for alle indiske skriftsystem har kvar staving ein inherent vokal «a» (ka, kha, ga og så bortetter), som via diakritiske teikn blir endra til andre vokalar (ki, khi, ghi osb.)

Den eldste utforminga av denne skrifta, dbu can (‘med hovud’) frå 600-talet, er den som er i bruk i trykte versjonar av skrifta i dag. Ho liknar ganske mykje på Gupta-inskripsjonane. Utforminga dbu med (‘utan hovud’) oppstod først på 1100-talet. Skilnaden mellom dei to er at dbu can har ei overline (eit hovud), og denne lina manglar hos den litt meir kursive dbu med. Les meir …

Dagens skandinaviske artikkel

ESC 1967 ble arrangert i Østerrike.

Eurovision Song Contest 1967 var den tolvte utgaven av Eurovision Song Contest, EBUs årlige sangkonkurranse. Konkurransen fant for første gang sted i Østerrike, som følge av landets seier året før med Udo Jürgens og «Merci, Chérie». Sendingen var den siste som ble produsert i svart-hvitt. Finalen ble avholdt lørdag 8. april 1967 i Wiener Hofburgs store festsal i Wien.

Etter fem andreplasseringer lyktes Storbritannia å få sin første seier med «Puppet on a String», fremført av en barføtt Sandie Shaw. Vinnersangen fikk stor kommersiell suksess etter konkurransen. Norge var representert av Kirsti Sparboe og sangen «Dukkemann». Den endte på en tredelt nest sisteplass med 2 stemmer. ► Les mer her.

Systerprojekt