Or (original) (raw)
| Or | |
|---|---|
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Bøkeordenen Fagales |
| Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae |
| Underfamilie: | Betuloideae |
| Slekt: | Or AlnusMill., 1754 |
Or eller older (Alnus) er ei slekt buskar og tre i bjørkefamilien. Ho omfattar rundt 30 artar. I Noreg veks to ulike typar, gråor (Alnus incana) og svartor (Alnus glutinosa).
Svartor, Alnus glutinosa
Utbreiing
Gråor er den vanlegaste arten i Noreg og veks over heile landet. Svartor veks langs kysten nord til Namdalen, men er ikkje vanleg i innlandet nord for Mjøsa. Felles for begge artane er at dei trivst i fuktig jord, og dei veks difor ofte langs elvar og bekker. Svartor toler dessutan kystklima godt.
Bruk
I tillegg til bruk i treforedlingsindustrien og som brensel, vart gråor sett på som det beste trevirket for knott brukt i bilar under Den andre verdskrigen.
Bakgrunnsstoff
- (no) or hos Artsdatabanken
- (en) or i Catalogue of Life
- (en) or i Encyclopedia of Life
- (en) or i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) or hos Dyntaxa
- (en) or hos Fossilworks
- (en) or hos ITIS
- (en) or hos NCBI
- (en) or hos Plants of the World Online
- (en) or hos The International Plant Names Index
- (en) or hos Tropicos
| Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
|---|
| Autoritetsdata | Store norske leksikon NKC Dyntaxa ITIS EOL |
|---|