Opioidreseptorantagonistar i CNS – klinisk betydning og bruk - RELIS (original) (raw)

Skip to content

Opioidreseptorantagonistar i CNS – klinisk betydning og bruk

Opioidantagonistar blokkerer effekten av opioidar og spelar ei sentral rolle ved behandling av overdosar. Nalokson er førstevalet ved akutte situasjonar, medan naltrekson har andre indikasjonar og kan påverke både rus- og smertebehandling. Kunnskap om desse legemidla er avgjerande for trygg pasientbehandling.

Hovedbudskap

Opioidreseptorantagonistar er legemiddel som blokkerer ein eller fleire opioidreseptorar i sentral- eller det perifere nervesystemet (1). Dei viktigaste opiodreseptorarne er my-, kappa- og delta-opioidreseptorar (µ, κ og δ, eller MOR, KOR og DOR). Stimulering av sentrale µ-opioidreseptorar førar til respirasjonsdepresjon, smertestilling og eufori. Perifere µ-opioidreseptorar er vevsspesifikke og er tilstades i høge konsentrasjonar i bronkial glatt muskulatur og tarmveggen. Dette er orsaka til dempa hosterefleks og obstipasjon ved bruk av opioider (1).

Dei to mest brukte antagonistane er nalokson og naltrekson. Nalokson har godkjent indikasjon mot opioidoverdosar, òg inngår i kombinasjonspreparat med buprenorfin, som er ein partiell opioidagonist. Naltrekson har godkjend indikasjon mot alkoholavhengighet og som eit sentralvirkande middel mot fedme i kombinasjon med bupropion (Mysimba). Nalmefene er òg ein antagonist som har indikasjon mot alkoholavhengighet, men er mindre brukt og blir ikkje meir omtala her.

«A chain of survival for drug overdose»
Ein artikkel foreslår ein behandlingsalgoritme for pasientar som er utsatt for overdosar (2). Den går inn på alle ledda i behandling av overdosar; å forhindre, gjenkjenne symptom og teikn og ta kontakt med helsevesenet, basal hjarte-/lungeredning, akuttbehandling, inkludert nalokson, behandling etter overdose, og rehabilitering og hindre seinare overdosar.

Kameratredning
Kameratredning er ein del av «Handlingsplan mot overdoser» og Helsedirektoratet sitt Overdoseforebyggende arbeid i kommunen (3, 4). Kameratredning er opplæring av brukare og pårørande i førstehjelp, òg å kunne gjenkjenne og bruke nalokson mot mistenkt opioidoverdose. Ein studie som såg på bruk av nalokson i kameratredning i ein periode på sju år fann at av 1054 deltakara som hadde henta ut ny naloksondose, så hadde 558 av dei brukt nalokson mot ein overdose (5).

Nalokson
Nalokson er oppført på Verdas Helseorganisasjon (WHO) si liste over essensielle legemiddel, og er førstevalet for behandling av respirasjonsdepresjon når ein mistenker opioidoverdose (6). Nalokson verkar ved å kompetetivt binde til µ-opioidreseptorar og bryte bindinga til opioidagonistar, som morfin. Nalokson vart utvikla på 1960-tallet og godkjend av det amerikanske Food and Drug Administration (FDA) i 1971 (1, 7). Halveringstida til nalokson er rundt 1–2 timar (8a). Intravenøs og intramuskulær administrasjon har vore dei vanlegaste administrasjonsformene. Etter introduksjon på 1990-tallet av kameratredning, eller Take-home nalokson (THN)- program som det òg kallast, hadde ein behov for ein enklare måte å administrere det på for lekfolk. Ein improviserte derfor ulike former for innretningar for å kunne administrere nalokson nasalt, som seinare vart vidareutvikla ilag med legemiddelindustrien, og frå 2012 har det blitt utvikla fleire dedikerte nasesprayar. Det er i 2026 to som har marknadsføringstillating i Noreg; Nyxoid (2017) og Ventizolve (2018) (8a, b). I pakningsvedlegga er det god og lett forståeleg informasjon til lekfolk om korleis desse preparata skal brukast (8a, b).

Alle som blir behandla med nalokson, skal observerast i minimum 2 timar, og gjerne lenger i følgje nasjonale retningslinjer (9). Ei studie på overdosar i Oslo frå 2019 fann at berre éin av ti blir tatt med til sjukehus, rundt halvparten blei igjen på staden, medan resten vart tatt med til legevakt (10). I Helse Bergen har ein hatt ein god utnytting av rusakuttmottaket, noko som blant anna blir forklart med at pasientane vert observert på eit einerom, får sove ut og får seg eit måltid før dei tar stilling til om dei ønsker meir hjelp eller vil reise heim (11).

Det er viktig å titrere naloksondosen til korrekt effekt (7). Målet med antidotbehandlinga prehospitalt er at pasienten skal vere sjølvpustande, men ikkje våken (7). Pasientar som har tatt ein utilsikta overdose med eit opioid ønsker gjerne å ha ruseffekten av opioidet, og ved bruk av for høg dose nalokson vil pasienten kunne få abstinensar og bli mindre mottakelege for hjelp. Det er òg sett ein auka risiko for ny overdose kort tid etter behandling, då opioidet pasienten har overdosert på kan ha lengre halveringstid enn nalokson (7).

Nalokson har i seg sjølv få biverknadar, sjølv i veldig høge dosar. Det er rapportert åtferdsendringar hos friske frivillige som fekk ekstreme dosar, 4 mg/kg i 3 dagar (7). Pasientar som nyttar opioider fast vil få abstinensreaksjonar dersom ein gjer for høge dosar nalokson. Desse er i seg sjølv ikkje livstruande, men er veldig ubehagelege. Det er rapportert om lungeødem og pneumonitt hos pasientar som har fått nalokson i forbindelse med opioidoverdosar, og at dosar over 4,4 mg aukar risikoen for desse biverknadane (7). Dette talar òg for å titrere dosen nalokson til reversering av uønska biverknad av opioidintoksikasjonen. Dei tilgjengelege nasesprayane i Norge er på 1, 28 og 1, 8 mg/dose (8a, b).

I ein oversiktsartikkel om nitazen-opioider fann ein at sjølv med potente opioider var standarddosering med nalokson nok til å reversere opioidoverdosar hos dei fleste pasientane (8). Dei pasientane som ikkje overlevde hadde hjartestans ved undersøking, og det er uvisst om dei ville ha overlevd sjølv med høgare dose av nalokson. Ein såg at fleire pasientar enn vanleg hadde behov for nalokson infusjon. Dette vart vurdert til å vere forårsaka av lang halveringstid til desse opioida og aktive metabolittar (12).

Naltrekson
Naltrekson er ein anna opioidreseptorantagonist, som har høg affinitet for µ-opioidreseptorar, og mindre for κ -opioidreseptorar og δ-opioidreseptorar (13). Godkjend indikasjon for naltrekson er alkohol- eller opioidavhengighet, og nyttast for å oppretthalde avholdenhet (8c). Naltrekson vert nesten fullstendig absorbert i tarmen, men har høg førstepassasjemetabolisme til den aktive metabolitten 6-beta-naltreksol. Halveringstida til naltrekson er omtrent 4 timar, medan for 6-beta-naltreksol er den 13 timar (8c, 13). Den lange halveringstida til metabolitten er noko ein må tenke på dersom ein skal behandle pasientar som står på naltrekson med opioider. RELIS har publisert ein nettartikkel om kombinasjonslegemiddelet bupropion-naltrekson (Mysimba) (14). Her vart det fokusert på biverknadar og interaksjonar, deriblant problem med smertelindring med opioider hos pasientar som nytta Mysimba. Dette er noko forskrivande lege må ha tenkt gjennom før ein forskriv Mysimba til pasientar som kan måtte ha behov for smertelindring med opioider. Det er òg viktig at pasienten informerast om dette.

Buprenorfin
Buprenorfin er ikkje ein antagonist, men er ein partiell agonist for µ-opioidreseptorar, og ein antagonist for κ-opioidreseptorar og δ-opioidreseptorar (15). Buprenorfin har høg affinitet til µ-opioidreseptorar og vil binde sterkare til reseptoren enn mange andre opioider. Sidan buprenorfin er ein partiell agonist, vil ein ikkje få full effekt av µ-opioidreseptoren, og det er derfor lågare risiko for opioidoverdose og mindre respirasjonsdepresjon og eufori (16). Desse eigenskapane, òg at det fins ein depotformulering, Buvidal, gjer at buprenorfin er eit mykje nytta legemiddel i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) (8d, 16)

KONKLUSJON
Opioidreseptorantagonistar sin hovudmekanisme er å hindre opioidagonister for å utøve sin effekt. Nalokson vert sett på som eit essensielt legemiddel og som førstehjelp ved opioidoverdosar. Det er likevel viktig å hugse på at det berre er førstehjelp og ikkje fullgod behandling for ein pasient med rusliding. Ein må òg vere oppmerksam på risikoen for seinare overdosar gitt relativ kort halveringstid til nalokson.

Når ein behandlar pasientar med opioidreseptorantagonistar må ein vere klar over at opioider kan ha dårlegare smertelindrande effekt, sjølv med relativt låge dosar, som ved Mysimba eller lågdose naltrekson.

Referanser

  1. Theriot J, Sabir S, Azadfard M. Opioid Antagonists. [Updated 2026 Jan 31]. In: StatPearls [Internet]. Treasure Island (FL): StatPearls Publishing; 2026 Jan-. Available from: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK537079/
  2. Dernbach MR, Dasgupta N et al. A chain of survival for drug overdose. Resusc Plus 2025;25:101026. doi: 10.1016/j.resplu.2025.101026. PMID: 40703815.
  3. Helsedirektoratet (2025). Handlingsplan mot overdoser [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet (siste faglige endring 29. august 2025, lest 11. mars 2026). Tilgjengelig fra https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/handlingsplan-mot-overdoser
  4. Helsedirektoratet (2017-11-09T00:00). Nasjonale faglige råd for kommunalt overdoseforebyggende arbeid [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet (siste faglige endring 16. januar 2025, lest 12. mars 2026). Tilgjengelig fra https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/overdoseforebyggende-arbeid-i-kommunen
  5. Eide D, Lobmaier P et al. Who is using take-home naloxone? An examination of supersavers. Harm Reduct J 2022;19(1):65. doi: 10.1186/s12954-022-00647-z. PMID: 35717240.
  6. World Health Organization Model List of Essential Medicines 23st List 2023. https://www.who.int/publications/i/item/WHO-MHP-HPS-EML-2023.02 (Søk: 11. mars 2026).
  7. Saari TI, Strang J et al. Clinical Pharmacokinetics and Pharmacodynamics of Naloxone. Clin Pharmacokinet 2024;63(4):397-422. doi: 10.1007/s40262-024-01355-6. Epub 2024 Mar 14. PMID: 38485851.
  8. Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC). https://www.legemiddelsok.no/ a) (Sist oppdatert: 29. april 2024). b) Nyxoid (Lest: 13. mars 2026). c) Naltrexone Accord (Sist oppdatert: 28. juni 2024). d) Buvidal (Lest: 13. mars 2026).
  9. Helsedirektoratet (2018-09-07T00:00). Nasjonalt pasientforløp for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet (siste faglige endring 28. oktober 2024, lest 11. mars 2026). Tilgjengelig fra https://www.helsedirektoratet.no/nasjonale-forlop/rusbehandling-tsb
  10. Madah-Amiri D, Skulberg AK et al. Ambulance-attended opioid overdoses: An examination into overdose locations and the role of a safe injection facility. Subst Abus 2019;40(3):383-388. doi: 10.1080/08897077.2018.1485130. PMID: 29949448.
  11. Vallersnes OM. Etter overdosen (Leder). Tidsskr Nor Laegeforen 2023;143(5). https://tidsskriftet.no/2023/03/leder/etter-overdosen
  12. Stangeland M, Dale O et al. Nitazenes: review of comparative pharmacology and antagonist action. Clin Toxicol (Phila) 2025;63(6):393-406. doi: 10.1080/15563650.2025.2504133. PMID: 40422647..
  13. Singh D, Saadabadi A. Naltrexone. [Updated 2023 May 30]. In: StatPearls [Internet]. Treasure Island (FL): StatPearls Publishing; 2026 Jan- Tilgjengeleg frå: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK534811/
  14. Flatebø EME, Debernard KAB et al. Bupropion-naltrekson (Mysimba®): vektreduksjonens venn eller fiende? EMA advarer om bivirkninger og interaksjoner. https://relis.no/artikler/42746/ (Publisert: 13. november 2024)
  15. Gudin J, Fudin J. A Narrative Pharmacological Review of Buprenorphine: A Unique Opioid for the Treatment of Chronic Pain. Pain Ther 2020;9(1):41-54. doi: 10.1007/s40122-019-00143-6. PMID: 31994020.
  16. Helsedirektoratet. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tirsdag 29. april 2025 [henta fredag 13. mars 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rus-og-avhengighet/legemiddelassistert-behandling-lar/

Publisert i

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling. Aktører som benytter våre data til generativ kunstig intelligens står selv ansvarlig for hvordan innholdet blir brukt.

Page load link