hamstrings – Store medisinske leksikon (original) (raw)

Hamstrings er ei gruppe musklar på baksida av låret som forbind sitjebeinsknuten i bekkenet med knoklane i leggen. Musklane strekkjer hofteleddet og bøyer kneleddet.

Faktaboks

Etymologi

engelsk ‘skinkestrengar’

Også kjend som

iskiokrurale musklar

Det finst tre hamstringsmusklar: musculus semimembranosus, musculus semitendinosus og musculus biceps femoris. Dei får nerveforsyninga si frå nervus tibialis.

Det er ganske vanleg å få strekk i hamstrings-musklane i idrettar med brå og kraftig muskelbruk, til dømes blant fotballspelarar og sprintarar. Musklane kan ein styrke med øvingar der ein kombinerer hoftestrekk med knebøy, til dømes sykling.

Hamstrings.