hypersensitivitet – Store medisinske leksikon (original) (raw)

Hypersensitivitet er det same som overfølsomheit. Hypersensitivitet blir brukt både om psykologisk og fysiologisk (for eksempel immunologisk) overfølsomheit.

Hypersensibilitet har same betydning, men begge orda kan ha noko ulik bruk innanfor ulike fagområder. Ofte blir også hyperreaktivitet brukt med same tyding, jamvel om hypersensitivitet og hypersensibilitet reint språkleg begge beskriv evna til å oppfatte eit signal eller ein påverknad, medan hyperreaktivitet beskriv reaksjonen som er resultatet av ein påverknad.

Les meir i Store norske leksikon