Ålvik – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Førsteleddet i navnet er trolig avledet av norrønt Ǫlr, trenavnet ‘older’
Også kjend som
Indre Ålvik
Innbyggjartal
426 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
5141 Ålvik
Ålvik er ein tettstad i Kvam kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 426 innbyggjarar (2023).
Ålvik ligg ved munninga av Dalaelva på austsida av den vesle Ålvikbukta på nordsida av Hardangerfjorden.
Tettstaden er bygd opp kring ferrolegeringsverket Elkem ASA, avdeling Bjølvefossen. Fylkesveg 79 (tidlegare riksveg 7) går gjennom tettstaden.