Alvdal – tettstad – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Innbyggjartal
794 (SSB, 2023)
Landareal
1,4 km²
1201 Alvdal
Alvdal er ein tettstad i Alvdal kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,4 km², og har 794 innbyggjarar (2023).
Alvdal er administrasjonssenter i Alvdal kommune. Tettstaden ligg 25 kilometer sør for Tynset og 170 kilometer nord for Elverum. Alvdal har jernbanestasjon på Rørosbanen. I tettstaden ligg Storsteigen vidaregåande skule.
Alvdal kyrkje er frå 1861. Her ligg også kulturanlegget Huset Aukrust, som minnest forfattaren og kunstnaren Kjell Aukrust, fødd og oppvaksen i Alvdal.