Amadeus – film – Store norske leksikon (original) (raw)
Amadeus (1984) er ein amerikansk spelefilm regissert av Miloš Forman. Han er basert på eit skodespel med det same namnet (1980) av Peter Shaffer, som på ny er inspirert av skodespelet Mozart og Salieri (1834) av Alexandr Pusjkin. Filmen har vunne ei rekkje prisar, mellom anna åtte Oscar-prisar.
Handling
I filmen minnest den gamle hoffkomponisten Antonio Salieri (F. Murray Abraham) tida då han kjende Wolfgang Amadeus Mozart (Tom Hulce). Salieri er ein vellukka, from og audmjuk mann, men ein middelmåtig komponist, som blir opprørt av å møte med den vulgære, men geniale Mozart. I håp om å kunne presentera eitt av verka hans som sitt eige blir Salieri ven med Mozart, samstundes som han motverkar karrieren hans. Til slutt tingar Salieri for eit rekviem frå Mozart, og planlegg å drepa han og å presentera det som sitt eige verk til ære for Mozart. Sjukdom og overarbeid gjer derimot at Mozart døyr før Rekviemet blir fullført.
Tematikk
Sentralt i filmen er temaet om forhaldet mellom genialitet, kunst og samfunn. Medan Salieri ser på musikk som handverk og suksess som eit resultat av god framferd, krev Mozart anerkjenning som geni, men utan å syna respekt for kollegaer og aristokratiet. Mozart representerer på dette viset eit syn på kunstnaren som var uakseptabelt på 1700-talet, men som skulle bli dominerande i romantikken.
Fiksjon
Sjølv om mange av hendingane i filmen er teke frå livet til Mozart, er hovudforteljinga rein fiksjon. Salieri og Mozart kjende godt til kvarandre, men det var ikkje noko rivaleri mellom dei, og Salieri hadde ingenting med dødsfallet til Mozart å gjera.