Anders – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Anders er eit mannsnamn som er nordisk form av det greske Andreas som tyder ‘mandig, tapper’.
Forma Anders vart tatt i bruk på 1300-talet i Noreg.
Namnet har fleire variantar: Anders, Anners.
Namnedag er 30. november. Andreas har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Anders
Eit utval personar med namnet Anders, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Anders Celsius (1701–1744)
- Anders Fjellner (1795–1876)
- Anders Zorn (1860–1920)
- Anders Hovden (1860–1943)
- Anders Beer Wilse (1865–1949)
- Anders Vassbotn (1868–1944)
- Anders Larsen (1870–1949)
- Anders Jahre (1891–1982)
- Anders Lange (1904–1974)
- Pål Anders Ullevålseter (1968)
- Anders Anundsen (1975)
Namnestatistikk
I 2022 var det 19 121 menn i Noreg som hadde Anders som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Anders var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Anders.
Utvikling i bruk av namnet
I perioden 1800–1834 var Anders svært mykje brukt og låg vekselvis som nummer 3, 4 og 5 på ranglista i denne perioden. Mange av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet og gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes Anders (av Andreas) som fekk ein ny topp i 1980-åra. Døme på andre namn av denne typen og med liknande kurveprofil er Bent (av Benedikt), Lars (av Laurentius), Mads (av Mathias) og Mikkel (av Mikael).
Geografisk variasjon på 1800-talet
Anders var mest brukt i Vestfold og Sogn og Fjordane.
Anders var mest brukt i Vestfold og Sogn og Fjordane. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Anners.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.