Anna – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Anna er eit gresk og latinsk kvinnenamn laga til det hebraiske ordet channa som tyder ‘nåde’.

Namnet har fleire variantar: Ana, Anna.

Namnedag er 26. juli. Ane og Anne har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Anna

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Anna

Eit utval personar med namnet Anna, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 20 394 kvinner i Noreg som hadde Anna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Anna var det niande mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 218 jenter som fekk namnet Anna, og det var blant dei 20 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Anna låg som nr. 1 på ranglista frå 1865 til 1917. Anna høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000 til dømes Laura, Emma, Selma, Ebba og Klara. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje. Sidan år 1900 har Anne vore brukt 2,4 gongar meir enn Anna.

Utvikling i bruk av namnet Anna frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Anna på 1800-talet.

Anna var mest brukt i Hordaland.

Anna var mest brukt i Hordaland.

Historisk bruk av namnet Anna

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar