Arne – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Arne er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Arni. Namnet er kortform av namn på Arn-. I norrønt tyder dette forleddet ‘ørn’, til dømes i Arn-finnr.

Namnedag er 4. august. Arna og Arnhild har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Arne

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Arne

Eit utval personar med namnet Arne, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 20 468 menn i Noreg som hadde Arne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Arne var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 19 gutar som fekk namnet Arne.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype. Frå 1911 til og med 1935 låg Arne som nummer 1 på ranglista. Også det lydlike Anne låg i mange år som nummer 1 (frå 1939 til og med 1981, bortsett frå nokre få år som nummer 2 innanfor denne perioden). Døme på andre tostava namn på -e med toppfase omtrent samtidig med Arne er Bjarne, Kåre, Magne og Sverre. I den fyrste stigningsfasen kan populariteten for Arne vere påverka av den nasjonalromantiske forteljinga «Arne» (1859) av Bjørnson.

Utvikling i bruk av namnet Arne frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Arne på 1800-talet.

Arne var klart mest brukt i Hedmark.

Arne var klart mest brukt i Hedmark.

Historisk bruk av namnet Arne

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar