Arne Berg – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Arne Berg

Fødd

23. januar 1917, Mo i Rana

Død

6. mai 2012, Bærum

Verke

Bygningshistorikar og museumsmann

Familie

Foreldre: Driftsstyrar Peter Andreas Berg (1891–1982) og Berna Nilsen (1891–1962).

Gift 10.3.1945 med Mildrid Johanne Refseth (28.4.1922–), dotter til byggmeister Johan Refseth (1884–1976) og Marie Lium (1884–1974).

Arne Berg

Arne Berg. Norske Tømmerhus frå mellomalderen.

Arne Berg var ein norsk museumsarbeidar, bygningshistorikar og arkitekt. Innanfor museums- og kulturvernsektoren har han sett merke etter seg på mange område, og hans djuptpløyande forsking har skaffa han eit namn også i utlandet.

Bakgrunn

Berg vart uteksaminert frå arkitektlinja ved NTH i 1941, og var frå 1949 til han gjekk av med pensjon i 1984 knytt til Norsk Folkemuseum i Oslo som konservator. Han vart førstekonservator i 1950, og etterfølgde i 1969 Hilmar Stigum som leiar for friluftsavdelinga ved museet. Han var redaktør av Folkemuseets årbok By og Bygd i ei årrekkje.

Museums- og kulturvernsarbeid

Berg hadde mange ansvar for mange attreisingsoppgåver på Folkemuseet, mellom anna husmannsplassen frå Trøndelag og utbygginga av museets «gamleby» med fleire hus frå det gamle Kristiania, slik som arbeidarbustadene frå Enerhaugen, Fred. Olsens gate 13, Rødfyllgata 12 og den storslåtte Collett-Cappelen-gården, som er eit heilt museum i seg sjølv. Han utførte fleire konsulentoppdrag, dreiv bygningshistoriske undersøkingar og hjelpte til når eit nytt bygdetun skulle etablerast over heile landet, for å sikre at attreising og utforming skjedde på vitskapleg grunnlag.

Berg fekk fleire sentrale tillitsverv i løpet av karrieren sin. I ei årrekkje var han direksjonsmedlem i Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, i tillegg til å vere medlem av fleire komitear og utval innanfor museumssektoren. I 1970–1980 var han styreformann i Registreringa av faste kulturminne. Rundt 1970 vart han knytt til NTH som fast timelærar for arkitekstudentar. Som mangeårig medlem i Forbundet av europeiske friluftsmuse har han vore med på å formidla kontakt med dei utanlandske fagmiljøa.

Forsking

I Bergs forsking var bygningshistoriske emne og gardsbusetnaden i det førindustrielle bondesamfunnet gjennomgåande tema. I arbeida hans spelar teikning og tekst saman, slik som i Norske gardstun (1968), Voss kyrkje. Vangskyrkjo på Voss (1977) og Norske tømmerhus frå mellomalderen, band 1–6 (1989–1998). Dette siste verket, som i sin heilskap er utgitt etter at Berg vart pensjonist, kom ut i den prestisjetunge serien Norske Minnesmerker og må reknast som eit av hovudverka i norsk bygningshistorie. Verket gjer greie for særdrag ved den norske tømmerbygningskunsten i mellomalderen (band 1), og gjev omtale av kvar einskild av dei nær 250 bygningane som har overlevd frå mellomalderen.

Etter at Berg gjekk av med pensjon ved Folkemuseet i 1984, flytte han over til Riksantikvaren. Der kunne han konsentrere seg om den profane trearkitekturen i mellomalderen, ei oppgåve han hadde førebudd og gjort førearbeid til i årevis. I 1994 vart han flytt over til Norsk institutt for kulturminneforskning, der han i ein alder av 77 år fekk stilling som forskar.

Etter å ha sett punktum for nybrottsarbeidet med mellomalderhusa gjekk Berg, i ein alder av 81 år, i gang med eit nytt prosjekt: ei tilsvarande kartlegging og utforsking av eksisterande tømmerhus frå tida etter 1537 fram til 1650. Han lyfta på denne måten ein kulturarv fram i lyset, som utan hans innsats ville ha lege i mørke.

Utmerkingar

I 1992 vart Berg innvald medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. For innsatsen som museumsmann, vernearbeidar og bygningshistorikar mottok han i 1989 Kongens fortenestemedalje i gull, og i 1997 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han har fått to festskrift, eitt til 70-årsdagen og eitt til 80-årsdagen.

Utgjevingar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

Arne Berg

Historisk befolkingsregister-ID

PFj00123011987M14002

Kommentarar