Bente Skari – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Bente Skari

(født Martinsen)

Fødd

10. september 1972, Oslo

Verke

Skiløpar

Familie

Foreldre: Skiløpar, seinare dagleg leiar av Finor Odd Martinsen (1942–) og sekretær Hanne Henriksen (1944–).

Gift 2000 med konsulent Geir Skari (3.6.1970–), son til lærar Ingar Skari (1935–) og lærar Gunnvor Flatebø (1945–).

Bente Skari

Bente Skari Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Bente Skari er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Nittedal, som var Noregs beste rundt tusenårsskiftet. I alt vann ho tolv medaljar i OL og VM, mellom anna seks gull, og ho vann verdscupen samanlagd i fire sesongar.

Ho blei olympisk meister på 10 km i Salt Lake City i 2002 – den fyrste norske kvinnelege langrennsløpar som vann eit individuelt OL-gull. Skari blei verdsmeister på 5 km i 1999 og på 10 km og 15 km i både 2001 og 2003. Ho vann OL-bronse på 5 km i Nagano i 1998 og på 30 km i 2002. I stafett tok ho OL-sølv i 1998 og 2002 og VM-sølv i 1997 og 2001. Ho var OL-deltakar også på Lillehammer i 1994.

Skari vann verdsscupen samanlagd i sesongane 1998/1999, 1999/2000, 2001/2002 og 2002/2003 og kom på andreplass i 1997/1998 og 2000/2001. I alt vann ho 42 renn i verdscupen. Ho vann sprintcupen fem sesongar på rad (1997/1998–2001/2002).

Tidlege år

Bente Skari er dotter av skilegenda Odd Martinsen – «stafett-Martin» – som sjølv hadde OL-gull i stafett frå 1968. Bente såg aldri faren i langrennssporet og opplevde heller ikkje noko press om å bli god skiløpar. Odd Martinsen, som i mange år var ein sentral leiar i FIS (det internasjonale skiforbundet), gav likevel gode råd når han vart spurd.

Skari starta relativt seint med å satse på langrenn. Ho byrja å trena aktivt og deltok i konkurransar på ski fyrst som tolvåring. I ungdomen var ho allsidig og dreiv med orientering, friidrett og handball. Likevel var det som langrennsløpar ho var best. I to hovudlandsrenn, som 14- og 15-åring, vann ho gull og sølv, og som juniorløpar (16–19 år) hadde ho medaljar i fire junior-NM på rad. I tillegg deltok ho tre gonger i junior-VM med stafettgull 1991 og sølv i 5 km klassisk 1992 som beste resultat.

Seniorkarriere

Foto av Bente Skari

Bente Skari jubler i det hun passerer målstreken og blir verdensmester på 10 km klassisk under VM i Val Di Fiemme i 2003.

Skari var kjend for å vera målretta og for å trena mykje. Framfor OL 2002 vart det fokusert på at dei norske langrennskvinnene aldri før hadde teke individuelt gull i olympiske leikar. Dette ville Skari gjera noko med og la opp eit treningsprogram med fleire harde treningsøkter enn tidlegare, kombinert med fleire høgdeopphald. På teknikksida hadde ho spesiell oppfølging av sin personlege trenar Dag Kaas. Satsinga gav resultat, og Skari vart historisk: Med siger på 5 km klassisk vart ho den fyrste norske kvinnelege langrennsutøvaren som vann individuelt OL-gull. I dag vert hennar treningsprogram nytta aktivt av Olympiatoppen for å læra opp framtidige skiløparar.

Det var i Val di Fiemme under ski-VM 2003 at Bente Skari verkeleg hadde sjanse til å vinna «storeslem». Ho gjekk sitt siste internasjonale meisterskap og var godt førebudd. Målet var å forsvara gulla på klassisk distansar frå VM i 2001 og OL i 2002. I tillegg var ho interessert i å visa styrke i skøyting. Ifølgje VG meinte Bente Skari at det var realistisk å satsa på tre gull, kanskje fire. Etter to gode løp i starten av meisterskapen, der ho innfridde med to gull, vart ho sjuk og fekk ikkje gå fleire distansar.

Nasjonale merittar

I alt vann ho 16 individuelle gull i senior-NM i perioden 1997–2003: 2 i sprint, 5 på 5 km, 3 på 10 km jaktstart, 1 på 5+5 km skiatlon, 3 på 15 km og 2 på 30 km. Ho har vunne tre kongepokaler.

I Holmenkollrenna vann ho 30 km i 2003 og sprint i 2000, 2002 og 2003.

Etter skikarrieren

Bente Skari var ein av dei fyrste kvinnelege langrennsløparane som tente pengar på å driva idretten sin. Særleg dei siste åra vart innteninga god. Ein stor del av desse inntektene var likevel knytt til eigarskap i familieselskapet Finor AS (agentur for Fischer-ski i Noreg), men prestasjonane i OL i Salt Lake City samt suksessen i verdscupen gav gode premiepengar og sponsorinntekter.

2001 fekk Bente Skari Holmenkollmedaljen for sine prestasjonar i VM og verdscupen. Ho er æresmedlem i Nittedal IL og innehavar av Noregs Skiforbunds gullmedalje. Etter karrieren har Bente Skari vorte nytta som føredragshaldar ved motivasjonskurs. Ho har òg avtale med Olympiatoppen, der ho vert nytta for å vidareføra sin kompetanse på treningskultur og prestasjonsutvikling innan skiidrett.

Bente Skari var assisterande teknisk delegert under Tour de Ski i 2007/2008 og rennleiar under Holmenkollrenna i 2008 og ski-VM i Oslo i 2011.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar