Bolstadfjorden – Store norske leksikon (original) (raw)
Bolstadfjorden er ein fjord i Vaksdal og Voss kommunar i Vestland, som ligg i austleg retning frå Veafjorden til Bolstadøyri.
Fjorden er 16 kilometer lang. To av sunda i fjorden er berre 100 meter breie. Ved munninga er det ein 7000 år gammal buplass, Skiphelleren. Elva Vosso (Bolstadelvi), som førar laks og sjøaure, renn ut i Bolstadfjorden ved Bolstadøyri.
Langs sørsida av fjorden går Bergensbanen og E 16 på strekninga Voss-Bergen.
Namnet kjem av norrønt Bólstaðir 'Bolstad', fleirtalsform av bustad, opphavleg namn på gard ved fjordbotnen.