Borgundøya – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Borgundøya
av ‘borg, bygdeborg’ og -und, ‘rik på’
Borgundøya er ei øy i Kvinnherad kommune i Vestland fylke (tidlegare Hordaland), i Sunnhordland-bassenget sørvest for Halsnøya. Øya har eit areal på 11,4 km2 og 55 innbyggjarar (2024). Det høgaste punktet på øya er Borgundnuten med 462 moh.
Borgundøya er skilt frå Fjelbergøya ved eit trongt sund i nordaust og har ferjesamband med Fjelbergøya, Sydnes på Halsnøya, Utbjoa (sjå Bjoa) og Skjersholmane på Stord.