Brekke – Gulen – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Brekke
av norrønt ‘stor bakke’
Brekke er ei grend i Gulen kommune i Vestland fylke. Brekke ligg ved Risnefjorden, som er ein fjordarm på sørsida av ytre del av Sognefjorden.
Brekke var eigen kommune i periodane 1850–1861 og 1905–1964. Brekke har sidan 1964 vore ein del av Gulen kommune.
Brekke kyrkje er ei langkyrkje frå 1862. Lovisendal er ein freda skrivargard frå 1819, som ligg rett opp for kaia. Naustmiljøet i Brekke er kulturminne.
Klima
Ved den meteorologiske målestasjonen på Verkland i Brekke er det sett fleire nedbørsrekordar.
På Verkland vart det registrert noregsrekord for nedbørsmengd på eitt kalenderår med 5546 mm i 1990. I 2011 kom det 715 mm regn, noko som var Noregs våtaste for sumarmånadene juni, juli og august det året. Den våtaste sumaren i Brekke var i 1964, då det fall heile 1284 millimeter regn.
Brekke er òg den staden i landet som har høgast gjennomsnittleg årsnedbør gjennom ein 30-årsperiode.
- Sjå òg artikkel om Sogn og Fjordanes klima
Kart