Bryggja – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Etymologi

av bryggje (’‘)

Innbyggjartal

348 (SSB, 2023)

Landareal

0,4 km²

Tettstadsnummer

5686 Bryggja

Bryggja er ein tettstad i Stad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 348 innbyggjarar (2023).

Bryggja er ein gammal handelsstad på nordsida av Nordfjord med 314 innbyggjarar (2019). Jordbruk, mest husdyrhald, er ei viktig attåtnæring i kombinasjon med fiske og arbeid i industrien. På Bryggja er det olivin-produksjon (Sibelco Nordic AS).