Deknepollen – Store norske leksikon (original) (raw)
Deknepollen er den del av byen Måløy som ligg på fastlandet. Bydelen tilhøyrer Kinn kommune, Vestland fylke.
Faktaboks
av norrønt djákn (engelsk deacon), ‘prelat i domkapitel’, og pollr, ‘fjordbukt’ – altså ‘prelat i domkapitel ved fjordbukt’
Også kjend som
Degnepollen
Bygdene Kulen, Degnepoll, Tennebø, Blålid og Nygård har dei siste åra vakse i hop til ein bydel. Tidlegare var det ferjestad ved Ulvesundet, medan i dag går Måløybrua over sundet til Måløy med samla lengde 1224 meter.
I Deknepollen er det fiskeindustri med blant anna sildoljefabrikk, mekanisk verkstad og fleire høgteknologiske verksemder. Det finst og vidaregåande skule. Den tidlegare Hagevik tønnefabrikk er no freda og restaurert som museum.