Emma – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Emma er eit kvinnenamn som er tysk kortform av namn på Erm-, til dømes Ermelinda. Forleddet Erm- tyder ‘stor, veldig’.

Namnedag er 23. januar. Emil og Emilie har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Emma

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Emma

Eit utval personar med namnet Emma, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 418 kvinner i Noreg som hadde Emma som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Emma var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 337 jenter som fekk namnet Emma, og det var det nest mest populære jentenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Emma høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000 til dømes Anna, Laura, Selma, Ebba og Klara. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove og Hilde. Emma toppa ranglista for fyrste gong i 2003, og sidan har namnet ofte vore nummer 1 på ranglista.

Utvikling i bruk av namnet Emma frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Emma på 1800-talet.

Emma var mest brukt i Kristiania.

Emma var mest brukt i Kristiania.

Historisk bruk av namnet Emma

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar