Ferkingstad – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

732 (SSB, 2023)

Landareal

0,8 km²

Tettstadsnummer

4763 Ferkingstad

Ferkingstad er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 732 innbyggjarar (2023).

Ferkingstad ligg sørvest på øya Karmøy, nord for Falnes sokn. Soknet har tett busetjing langs kysten og fylkesveg 47, og fiskehamn. Det er gjort arkeologiske funn av hustufter og naustmurar i samband med ein «hamn» frå folkevandringstida.

Ferkingstad kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1854, men har ein kyrkjegard fra 1100-talet. Ved Ferkingstad ligg «Fishermen's memorial» eit steinkross og alter reist til minne om fiskarar frå Karmøy som har omkomme på havet langs kysten av USA.

Vel fem km ute i havet nordvest for kyrkjestaden ligg Ferkingstadøyane som er verna som naturreservat med stort fugleliv.