Fjærland – Store norske leksikon (original) (raw)

Fjærland.

Fjærland.

Fjærland er eit sokn i Sogndal kommune i Vestland fylke. Soknet ligg rundt indre del av Fjærlandsfjorden. Fram til 2000 var Fjærland ein del av Balestrand kommune.

Faktaboks

Natur

To dalføre skjer seg nordover i fjellmassiva ved enden av Fjærlandsfjorden; Bøyadalen og Supphelledalen, som har store brearmar frå Jostedalsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen. Nærare fjorden er dalbotnen flat og veldyrka.

I dalbotnen er klimaet relativt varmt og tørt, og i juli 2019 vart det sett ny varmerekord for Sogn og Fjordane med 33,9 °C.

Busetnad og kultur

Fjærland er ei jordbruksbygd med mjølkeproduksjon og turisme som hovudnæringar. Det finst busetjing i fjordbotnen og langs fjorden. Hotel Mundal og Fjærland kyrkje ligg litt utanfor fjordbotnen, på vestsida av fjorden, ved munningen av den bratta Mundalen, som førar opp til Jostefonni. Ved Bøyum inst i Fjærlandsfjorden ligg Norsk Bremuseum.

Mundal har frå midten av 1990-åra etablert seg som «Den norske bokbyen – Fjærland» med meir enn 250 000 brukte bøker til sals i sommarhalvåret.

Samferdsle

Det er vegsamband på riksveg 5 gjennom Fjærlandstunnelen under Jostedalsbreen til Lunde i Jølster og til Sogndalsdalen gjennom Frudalstunnelen.

Det er fotrute frå Bøyadalen over Jostedalsbreen til Lunde.

Namn

Førsteleddet av namnet kan ha samanheng med norrønt fjǫrðr, som betyr fjord.

Kart

Fjærland

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar (1)