Gålå – Store norske leksikon (original) (raw)
Gålå er ei setergrend i Sør-Fron kommune, Innlandet fylke, ved Gålåvatnet på vidda vest for Hundorp i Gudbrandsdalen; 930 meter over havet. Frå Gålå er det storslått utsikt til Jotunheimen, Rondane og Ringebufjella.
Gålå er ein kjend turiststad med mange hytter og blant anna Gålå og Wadahl høgfjellshotell. Peer Gynt-vegen mellom Østre Gausdal og Vinstra passerer Gålå. Ved Gålåvatnet blir det kvart år i august arrangert ein kulturfestival. Peer Gynt-stemnet har vore ei årviss tilstelning frå 1967; sidan 1989 har ei friluftsframsyning av Henrik Ibsens Peer Gynt vore kjerna i festivalen.
Namnet
Namnet Gålå kan ha to opphav:
- Etter elva Golo, som kjem frå Gålåen, kanskje av norrønt gala, 'gale', eller góla, 'hyle, skrike', noko som da siktar til det sterke fossefallet i elva.
- Gålåen er det eldste namnet på Gålåvatnet. Det kjem truleg av gard, 'gjerde', og kan knytast til leiegjerde for fangstanlegg, som det var mange av ved Gålåen.
Kart