Gurskøya – Store norske leksikon (original) (raw)
Gurskøya er ei øy i Herøy og Sande kommunar i Møre og Romsdal, sørvest for Ålesund. Gurskøya er 137 km2 (69 km2 i Herøy og 68 km2 i Sande).
Øya er berglendt, og har tett busetjing langs strendene. Det er 4647 innbyggjarar (2015), 2534 i Herøys del og 2113 i Sandes. Øya har tre tettstader: Larsnes og Haugsbygda i Sande samt Moltustranda i Herøy.
På øya blir det drive fiske, fiskeforedling og annan industri i tilknyting til fisket. Det er òg stor verkstadsindustri i Sande sin del av øya.
Fylkesveg 61 Nordfjord–Ålesund går over Gurskøya, og det er bru over det 60 m breie Dragsund til Hareidlandet. Fylkesveg 654 fører frå Dragsund langs nordaustsida av øya via fleire småøyar og Leinøya til Fosnavåg på Bergsøya. Det er fylkesveg rundt vestkysten av Gurskøya frå nordspissen av øya til Gurskebotn på fylkesveg 61 i sørvest.
Namnet kjem av fjordnamnet Gursken, og er truleg i slekt med norrønt gor, 'søle'.