Hekla – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Hekla
Region
Suðurland
Høgd
1491
Hekla er Islands mest kjende vulkan. Han ligg 150 kilometer aust for Reykjavík, om lag 1500 meter over havet og 700 meter over terrenget omkring.
Lavaen frå Hekla dekker cirka 420 kvadratkilometer. Vulkanen hadde store utbrot i 1294, 1300, 1693, 1766, 1845–1846, 1947–1948 og 1970. Ved det siste blei 18 kvadratkilometer dekt med opptil 20 meter tjukk lava. Hekla hadde også utbrot i 1980, 1991 og 2000.
Oska frå Heklas utbrot har ført til store skader på beitemark, med hungersnød som følgje. Ein kan kjenne att oskelaga frå dei enkelte utbrota, og dette kan brukast til å datere hendingar dei siste 9000 åra (tefrokronologi). I alt er oskevolumet frå Hekla utrekna til cirka tolv kubikkilometer.
Hekla spelte ei rolle i mellomalderens overtru, ikkje berre på Island, men i heile Europa. Mellom anna meinte ein at nedgangen til helvete var her.