Helga – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Helga er eit kvinnenamn som har same form i dag som i norrønt. Det tyder ‘den heilage’.

Det russiske Olga kjem av Helga.

Namnet har fleire variantar: Hege, Helga, Helje, Hella, Hæge.

Namnedag er 30. september. Hege og Helge har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Helga

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Helga

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 038 kvinner i Noreg som hadde Helga som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Helga.

Utvikling i bruk av namnet

Helga er blant dei tostava namna på -a som nådde toppen på slutten av 1800-talet, og namnet var nummer 9 på ranglista 1885–1889. Andre døme på namn med omtrent same toppfase er Arna, Berta, Erna, Gerda, Magda, Olga og Ragna. I motsetning til for eksempel Emma, Ella, Ebba, Laura og Klara fekk ikkje namna i den fyrste gruppa ein ny topp rundt år 2000. Dette kan mellom anna ha samanheng med at dei har ein meir komplisert konsonantstruktur i innlyd – jamfør [lg] i Helga med [r] i Klara.

Utvikling i bruk av namnet Helga frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Helga på 1800-talet.

Helga var mest brukt i Akershus og Kristiania.

Helga var mest brukt i Akershus og Kristiania.

Historisk bruk av namnet Helga

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar