Helge – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Helge er eit mannsnamn som kjem av norrønt Helgi. Det er opphavleg eit tilnamn med tydinga ‘den heilage’.
Det russiske Oleg kjem av Helge (norrønt Helgi).
Namnet har fleire variantar: Helge, Helje, Helle.
Namnedag er 30. september. Hege og Helga har også namnedag denne dagen.
Personar med namnet Helge
Kulturell bruk
- Helge er helt i to segnhistoriske dikt: «Helge Hjorvardsson» og «Helge Hundingsbane».
Kjende personar med namnet Helge
Eit utval personar med namnet Helge, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Helge Krog (1889)
- Helge Ingstad (1899)
- Helge Røed (1938)
- Helge Hognestad (1940)
- Paal-Helge Haugen (1945)
- Helge Jordal (1946)
- Helge Torvund (1951)
- Helge Simonnes (1955)
- Ingar Helge Gimle (1956)
- Helge Lund (1962)
- Helge André Njåstad (1980)
- Bjørn Helge Riise (1983)
Namnestatistikk
I 2022 var det 11 129 menn i Noreg som hadde Helge som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Helge var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 11 gutar som fekk namnet Helge.
Utvikling i bruk av namnet
Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge. Helge var på topp 1945–1954.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Helge var mest brukt i Buskerud og Hordaland.
Helge var mest brukt i Buskerud og Hordaland.