Hilde Haugsgjerd – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Hilde Haugsgjerd

Fødd

7. juli 1952, Oslo

Hilde Haugsgjerd

Rød Ungdom

Haugsgjerd (nummer tre fra venstre) var med i Rød Ungdoms sentralstyre fra 1973. De andre på bildet er (fra venstre) Grethe Knudsen, Helge Øgrim og Aksel Nærstad.

Hilde Haugsgjerd er ein tidlegare norsk avisredaktør og politikar. Ho har vore leiar for Raud Valallianse (no Raudt), og seinare sjefredaktør i Dagsavisen og Aftenposten. Ho var den første kvinnelege sjefredaktøren i ei landsdekkjande avis i Noreg.

Utdanning

Journalistikken

Haugsgjerd arbeidde først som journalist i Klassekampen, deretter i Vårt Land frå 1982 til 1984. Etter det arbeidde ho som journalist og kommentator i Dagbladet i åra 1984–1995 og 1997–2001, og var avisa sin første kvinnelege redaksjonssjef. Ho var informasjonsdirektør for Rikshospitalet i perioden 1995–1997 og ansvarleg redaktør i Dagsavisen i perioden 2001–2004.

I 2004 blei ho tilsett i Aftenposten. Først var ho redaktør for Aftenposten Aften, deretter administrativ redaktør i Aftenposten frå 2007 til 2008, før ho blei sjefredaktøren i avisa frå 2008 til 2013.

Politikken

I 1970-åra hadde Haugsgjerd leiarverv i Raud Ungdom (RU) frå 1973, var medlem i Arbeidernes Kommunistpart (marxist-leninistane) (AKP-ml), og ho var den første leiaren av Raud Valallianse i 1979–1981. Ho var òg redaktør i Røde Garde, tidsskriftet til RV.

I 1982 melde ho seg ut og har ikkje vore medlem av noko parti sidan. Ho har seinare teke avstand frå den politiske fortida si, som ikkje lét seg sameine med Aftenposten si konservative ideologiske plattform.

Anna engasjement

Haugsgjerd har hatt tillitsverv i styret i Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening og Universitetet i Oslo. Frå 2004 til 2014 var ho medlem av Pressens Faglege Utval og var leiar der i perioden 2010–2014. Ho har vore nestleiar i styret for Amedia AS og styremedlem i Aschehoug forlag.

Utmerkingar

Haugsgjerd fekk Nynorsk redaktørpris i 2004 og Oslo Redaktørforenings heiderspris i 2014.

Utgjevingar

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar