Isak – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Isak er eit hebraisk mannsnamn som tyder ‘må han le’.

Denne tydinga viser til forteljinga i Bibelen om Sara som stod bak døra og lo då Herren spådde for Abraham at ho i sin høge alder skulle føde sonen Isak.

Namnet har fleire variantar: Isaac, Isac, Isach, Isack, Isak.

Namnedag er 19. desember. Iselin har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Isak

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Isak

Eit utval personar med namnet Isak, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 621 menn i Noreg som hadde Isak som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 348 gutar som fekk namnet Isak, og det var det fjerde mest populære gutenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Isak er blant dei bibelske namna som var noko brukte på 1800-talet og som fekk eit sterkt oppsving rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Jakob, Johannes, Jonas og Samuel. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.

Utvikling i bruk av namnet Isak frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Isak på 1800-talet.

Isak var mest brukt i Telemark og Finnmark.

Isak var mest brukt i Telemark og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Isach.)

Historisk bruk av namnet Isak

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar