Jøssingfjorden – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Jøssingfjorden
første ledd i namnet har kanskje vore Mjøsund, av norrønt mjór, ‘smal’, og sund; fjorden smalnar av her
Jøssingfjorden er ein trong og djup fjord i Sokndal kommune i Rogaland. Fjorden er cirka tre kilometer lang.
Ved Jøssinghavn, inst i fjorden, ligg utskipingsanlegget for Titania A/S. På Dynga-djupet utanfor fjorden ligg eit omstridd deponi av avfall frå ilmenittproduksjonen. Då deponiet vart fylt opp ved midten av 1980-åra, kom det til konfliktar mellom Titania og lokale fiskarar og miljøorganisasjonar om eit nytt deponi. I 1990 blei det bestemt at deponiet skulle liggja på land.
Ved fjordbotnen går fylkesveg 44 i store slyng i fjellet over Helleren, ein nedlagd gard under eit stort fjelloverheng. Her var buplass alt i steinalderen, og staden er no eit viktig turistmål. Jøssingfjord blei verdskjent som følgje av Altmark-saka i februar 1940.