Johannes Anfinn Aanderaa – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Johannes Anfinn Aanderaa

Johs. Aanderaa

Fødd

6. november 1927, Narvik

Død

2. juni 1991, Asker

Verke

Bibliotekar, presse- og kringkastingsmann, forlagssjef og kulturadministrator

Familie

Foreldre: Sokneprest Johannes Aanderaa (1886–1974) og Margrete Refsdal (1889–1975).

Gift 5.6.1954 med sekretær Gisela Margit Helene Imker (24.7.1931–10.11.2014), dotter til ingeniør Willi Georg Alexander Imker (1897–1969) og sjukepleiar Margit Marie Helene Beringer (1909–2001). Dotterson til Ivar Refsdal (1866–1939); fetter til Sjur Refsdal (1935–).

Johannes Anfinn Aanderaa var ein norsk forlagsmann og embetsmann.

Aanderaa var programsekretær i NRK i frå 1954 til 1958 og forlagssjef i Det Norske Samlaget frå 1958 til 1972. I 1972 vart han utnemnd til ekspedisjonssjef i den nyoppretta kulturavdelinga til Kyrkje- og undervisningsdepartementet (seinare Kultur- og vitskapsdepartementet).

Aanderaa var med i ei rekkje utval innan kultursektoren og var ein hovudarkitekt i utforminga av norsk kulturpolitikk.

Aanderaa var utdanna som bibliotekar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar