Jonatan Aars – filolog og skolemann (original) (raw)

Faktaboks

Jonatan Aars

Jakob Jonatan Aars. Aars endra skrivemåten frå Jacob Jonathan til Jakob Jonatan.

Fødd

12. juli 1837, Kristiania (no Oslo)

Død

22. september 1908, Kristiania

Verke

Filolog og skolemann

Familie

Foreldre: Kvestor (økonomisjef) ved universitetet Harald Aars (1812–1901) og Anna Cathrine Pauline Hofgaard (1807–88).

Gift 12.7.1866 med Anna Ernesta Birch-Reichenwald (21.12.1839–19.12.1919), datter av statsråd Christian Birch-Reichenwald (1814–91) og Jacobine Ida Sophie Motzfeldt (1812–80). Fetter av Andreas Munch (1811–84); tremenning av Sophus Aars (1841–1931; se NBL1, bd. 1); svoger til Peter Birch-Reichenwald (1843–98; se NBL1, bd. 1); far til Kristian Aars (1868–1917) og Harald Aars (1875–1945); morfar til Nils Alstrup Dahl (1911–2001).

Jonathan Aars

Jonatan Aars var filolog og rektor. Han grunnla ein høgre skule, gav ut rettskrivingsreglar til skulebruk, og var med på å førebu rettskrivingsreforma av 1907.

Bakgrunn

Jakob Jonathan Aars var fødd i Kristiania. Han tok examen artium ved katedralskulen i Kristiania i 1854 og vart cand.philol. med hovudfag i gresk i 1860. I 1859–1864 underviste han ved Hartvig Nissens Latin- og Realskole.

Skiping av skule

Saman med studiekameraten og venen Peter Voss skipa han i 1863 Aars og Voss's skole, som vart ein høgt respektert skule som var tidleg ute med undervisningsreformer. Skulen fekk mykje å seie for utviklinga av den høgre skulen i Noreg. Aars underviste sjølv i gresk, i tidlege år også i latin og norsk.

Rettskriving

Påverka av Knud Knudsen, som han hadde hatt som lærar på katedralskulen, arbeidde Aars for ei fornorsking av rettskrivinga i dansk-norsk. Alt i 1858 gav han som stud.philol. ut Forsøg til en Vejledning i norsk Retskrivning. I 1866 kom Retskrivningsregler til Skolebrug. Mellom 1866 og 1907 kom det 17 reviderte utgåver av boka, som i 1897 skifta tittel til Norske retskrivnings-regler. Frå 1877-utgåva blei det innført, etter ei høyring blant skulefolk, liten førebokstav i samnamn.

Frå 1885 vart boka formelt autorisert av Kyrkjedepartementet som rettesnor «ved bedømmelsen av besvarelser ved de offentlige skole-eksamener». I dei seinare utgåvene deltok også Simon W. Hofgaard i arbeidet med boka. Han var medlem av fleire departementale utgreiingskommisjonar og var med i utgreiingsarbeidet som førte fram til rettskrivingsreforma for dansk-norsk av 1907.

Førenamna til Aars blir i litteraturen skrivne på ulike måtar, mest vanleg er Jacob Jonathan. Sjølv skreiv han i formelle brev og som forfattar berre «J. Aars». På gravsteinenVår Frelsers gravlund i Oslo står det «Skolebestyrer Jakob Jonatan Aars». Skrivemåten er i samsvar med dei rettskrivingsreglane han sjølv gjekk inn for. I folketeljingane i 1875 og 1900 skreiv han Jakob Jonatan Aars.

Aars publiserte òg ymse arbeid i klassisk og nordisk filologi. Eit hovudverk er Sokrates, skildret gjennem oversættelser af Platon, med indledning og anmerkninger frå 1882.

Andre verv og engasjement

Aars var styremedlem i Det norske Oldskriftsselskab frå 1864, medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania frå 1886 og formann i Bymålslaget 1906–1908. I 1890 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

Jonatan Aars

Historisk befolkingsregister-ID

pf01037045148944

Kommentarar (2)