Josef – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Josef er eit mannsnamn som går tilbake til det hebraiske Yosef. Namnet tyder ‘Han (Gud) vil auke’ (underforstått: talet på barn).
Namnet har fleire variantar: Josef, Joseph, Yosef, Yousef, Yusuf.
Namnedag er 19. mars. Josefine har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Josef
Eit utval personar med namnet Josef, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Josef 2. (1741–1790)
- Maximilian (keiser av Mexico) (1832–1867)
- Josef Breuer (1842–1925)
- Josef Stalin (1878–1953)
- Josef Frank (1885–1967)
- Josef Albers (1888–1976)
- Josef Terboven (1898–1945)
- Josef Mengele (1911–1979)
- Josef Yohannes (1980)
- Josef (i Det nye testamentet)
- Josef (sønn av Jakob)
Namnestatistikk
I 2022 var det 743 menn i Noreg som hadde Josef som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 16 gutar som fekk namnet Josef.
Utvikling i bruk av namnet
Josef skil seg ut frå hovudtyngda av bibelske namn ved at namnet var mest brukt i 1890-åra. Riktig nok fekk Josef eit visst oppsving på 2000-talet, men dette oppsvinget var mykje meir dempa enn for dei fleste andre bibelske mannsnamna.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Josef var mest brukt i Finnmark.
Josef var mest brukt i Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Joseph.)