Leira – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

941 (SSB, 2023)

Landareal

1,1 km²

Tettstadsnummer

1712 Leira

Leira er ein tettstad i Nord-Aurdal kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 941 innbyggjarar (2023).

Leira ligg 4 km søraust for Fagernes, ved utløpet av elva Leira. Tettstaden vaks fram då Valdresbanen kom i 1906.

Leira har i dag fleire handels- og grossistverksemder. Valdres folkehøgskule og Valdres vidaregåande skule ligg på Leira.

Namnet er opprinneleg eit elvenavn; 'elva som fører leire med seg', eller 'elva med leirbunn'.