Lomseggje – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Lomseggje

Lomseggi, Lomseggen

Region

Innlandet

Høgd

2068

Førstebestigning

1827

Lomseggje er eit fjell på grensa mellom Lom og Skjåk kommunar, Innlandet, like vest for Lom sentrum (Fossbergom) i Ottadalen. Høgaste punktet er 2068 meter over havet.

Fremre delen av fjellet (1524 meter over havet) er eit mektig syn sett frå Ottadalen, og skal vera eit av dei fjella i Noreg som oftast er gjengitt i biletkunsten.

Den fyrste som ein sikkert veit har vori på toppen av Lomseggje, var landmålaren Theodor Broch i juli 1827.