Matteus – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Matteus er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Matheus som – til liks med Mathias – går tilbake til det hebraiske Mattitja som tyder ‘Guds gåve’. Dei har gått ulike utviklingsvegar frå det hebraiske utgangspunktet, og dette har resultert i to ulike former: Mathias (gresk) og Matheus (latin).
Namnet har fleire variantar: Mateus, Matheus, Matteus.
Kjende personar med namnet Matteus
Eksempel på ein person med namnet Matteus som er omtalt i Store norske leksikon:
Namnestatistikk
I 2022 var det 219 menn i Noreg som hadde Matteus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 gutar som fekk namnet Matteus.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Matteus var klart mest brukt i Nord-Trøndelag.
Matteus var klart mest brukt i Nord-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Matheus.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.