Nisserelva – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Nisserelva
Region
Telemark
Kjelde
Nisser
Munning
Haugsjåsund
Vassdrag
Arendalsvassdraget
Nisserelva er ei elv i Arendalsvassdraget i Nissedal kommune i Telemark, mellom Nisser (247–244 meter over havet) og samanløpet med Fyresdalsåna ved Haugsjåsund. Nedanfor heiter elva Nidelva.
Falla frå Nisser og ned til samløpet med Fyresdalsåna er bygd ut i tre kraftstasjonar med ein samla effekt på 25,8 MW og med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 182 GWh.